Samnordisk runetekstdatabase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samnordisk runetekstdatabase (svensk Samnordisk runtextdatabas) er eit prosjekt for å oppretta og halda ved like ein database for runeskrifter. Føremålet med prosjektet er å utvikla ein fullstendig katalog over runeskrift i eit maskinlesbart format for forsking. Databasen er fritt tilgjengeleg frå Institutionen för nordiska språk som Rundata 3.1 & SRD 2014 med eit klientprogram, kalla Rundata, for Microsoft Windows og som reine tekstfiler for andre operativsystem.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til Samnordisk runetekstdatabase var ein database frå 1986 ved Universitetet i Uppsala over svenske runeinnskrifter for bruk ved Institutionen för nordiska språk.[1] På eit seminar i 1990 vart det foreslege å utvida databasen til å dekka alle runeskrifter i dei nordiske landa, men finansieringa av prosjektet var ikkje på plass før det i 1992 vart gjeve støtte frå Axel och Margaret Ax:son Johnsons fond.[1] Prosjektet vart offisielt starta 1. januar 1993 ved Universitetet i Uppsala. Etter 1997 hadde ikkje prosjektet økonomisk støtte og arbeidet heldt fram med ein redaksjonskomite på friviljug basis med deltakarar frå Riksantikvarembetet og Runeforum. I versjonen frå 19. mai 2015 var det over 6500 runeinnskrifter i databasen. I 2021 er det over 11000 runeinnskrifter, dei utgjer eit korpus på rundt 49000 ord.

Databaseelement[endre | endre wikiteksten]

Kvart element inneheld original tekst og translitterasjon til eit standardisert norrønt, ei engelsk og i nokre tilfelle norsk omsetjing, funnstad, geografiske koordinat, informasjon om materialet, føremål, utdrag frå kjelder og lenkjer til bilete.

Runesteinane vert identifisert med eit signum (ID-nummer) som består av opptil tre delar. Første delen skildrar opphavsstaden for inskripsjonen. For svenske inskripsjonar inneheld databasen ein kode for svenske landskap, og for innskrifter utanfor Norden ein landkode, denne er ulikt frå ISO 3166.

Landskapskodar:

Landkode:

  • By - Bysants (Hellas og Tyrkia)
  • DR - Danmark (inkludert Skåna, Blekinge, Halland og Slesvig) og med nummerering av steinane frå Jacobsen & Moltke Danmarks Runeindskrifter (1941-1942)
  • DEI - Tyskland (unntatt Slesvig)
  • E - England
  • F - Frankrike
  • FI - Finland
  • FR - Færøyane
  • GR - Grønland
  • IM - Isle of Man
  • IR - Irland
  • IS - Island
  • IT - Italia
  • LV - Latvia
  • N - Noreg
  • NL - Nederland
  • Or - Orknøyane
  • PL - Polen
  • RU - Russland
  • Sc - Skottland
  • Sh - Shetland
  • UA - Ukraina
  • X - Andre land

Andre delen av koden er eit serienummer eller eit nummer frå ei tidlegare kjelde med katalogisering. Koden U 88 tyder at innskriften er frå Uppland og er den åttiåttende innskriften som er katalogisert. Dette systemet har sin opphav i boka Sveriges runinskrifter frå den svensken Riksantikvarämbetet.

Tredje delen av koden er eit teikn som indikerer tidsalder (Urnordisk, Vikingtid, eller Mellomalder) og om inskripsjonen er forsvunne eller nyomsett

  • † - inskripsjonen er forsvunnen,
  • $ - ny omsetjing
  • M - inskripsjonen er frå mellomalderen
  • U - inskripsjonen er frå urnordisk tid, frå før ca 800.
  • V - inskripsjonen er frå vikingtida

Datering av inskripsjonane i Rundata[endre | endre wikiteksten]

For nokon danske inskrifter frå Jacobsen & Moltke er det gjeve ein meir nøyaktig tidsperiode for vikingtiden. Periodane som er brukt er:

  • Helnæs-Gørlev — ca. 800 (eller 750-ca. 900)
  • før-Jelling — ca. 900
  • Jelling — 900- og inn på 1000-talet
  • etter-Jelling — ca. 1000–1050
  • kristen tid, etter-Jelling — fyrste halvdel av 1000-talet

Mange av inskripsjonane i Rundata inkluderer i tillegg eit felt for Stilgruppering. Dette viser til såkalte dateringsband bestemt av stilen på ornamenta på steinen etter forslag frå Anne-Sofie Gräslund.[2][3]

Dateringsbanda er:

  • RAK — ca. 990-1010
  • FP — ca. 1010-1050
  • Pr1 — ca. 1010-1040
  • Pr2 — ca. 1020-1050
  • Pr3 — ca. 1050 - ein generasjon fram
  • Pr4 — ca. 1060-1100
  • Pr5 — ca. 1100-1130

Referanseverk[endre | endre wikiteksten]

Katalognummera viser til mange referansverk og vitskaplege artiklar. Nokre av dei viktigaste er:

Riksantikvaräbetet; Sveriges runinskrifter , digitale utgåver.

  • Jacobsen, Lis; Moltke, Erik (1941–1942). Danmarks Runeindskrifter. Copenhagen: Ejnar Munksgaards Forlag. 

Annan bibliografisk informasjon er tigjengeleg i Rundata.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The 7th International Symposium on Runes and Runic Inscriptions, Oslo 2010, Jan Owe: Samnordisk Runtextdatabas – Hur kan den Utvecklast?» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 7. mars 2016. Henta 1. juni 2015. 
  2. Gräslund, Anne-Sofie (1991). «Runstenar – om ornamentik och datering». TOR 23: 113–140. Arkivert frå originalen 9. februar 2021. Henta 1. februar 2021. 
  3. Gräslund, Anne-Sofie (1992). «Runstenar – om ornamentik och datering». TOR 24: 177–201. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]