Samson i Bibelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samson i Bibelen
SamsonDestroyTemple.jpg
FøddZorah
DødGaza by
TittelDommerne i Israel
Opptrer iDomarane
MorManoahs kone
FarManoah
SambuarDalila

Samson (hebraisk שִׁמְשׁוֹן, Šimšôn, 'mann av sola';[1] gresk Σαμψών – Sampsṓn) var ifølgje Bibelen ein av dommarane i det gamle Israel. Han var kjend for den enorme styrkn sine. Han er skildra i Domarane i kapitla 13 til 16, i Tanákh (Den hebraiske Bibelen).[2][3]

Samson er ein legendarisk figur av same støyping, og moglegvis òg oppteken i same myte, som Herakles, ein person som er gjeven enorm styrke av Gud for å kjempa mot fiendane til Gud og utføra heroiske dådar som ikkje er moglege for vanlege menneske.[4] Han hadde ein brytekamp med ei løve,[3] slo ein heil hær ned med berre eit kjevebein frå eit esel,[5] og øydela eit tempel.[6]

Samson skal vera gravlagd i Tel Tzora i Israel med utsikt over Sorekdalen. Det står to store gravsteinar for Samson og far hans Manoah her. Like ved står altaret til Manoah.[7][8] Staden ligg mellom byane Zorah og Eshtaol.[9]

Forteljinga i Bibelen[endre | endre wikiteksten]

«Samson og Dalila», måleri av Lucas Cranach den eldre.

Forteljinga om Samson går føre seg på ei tid då Gud igjen straffa israelittane fordi dei hadde gjort «det som var vondt i Herrens auge» ved å la dei koma «i hendene på filistrane i førti år».[10] Ein engel kom til Manoah, ein israelitt frå Dan si stamme, i byen Zorah, og til kona hans som ikkje hadde vore i stand til å føda ein son.[11] Engelen kunngjorde at paret snart ville få ein son som ville redda israelittane frå filistrane. Kona trudde på engelen, men mannen hennar, som ikkje var til stades då engelen kom, ynska at den guddommelege bodbringar skulle koma attende slik at han fekk instruksjonar om barnet som skulle fødast. Engelen kravde at kona til Manoah måtte halda seg unna alle alkoholholdige drikker og urein mat, og at ho lova at håret til barnet ikkje skulle klippast. Han måtte òg bli ein nasirear frå fødselen av. I det gamle Israel var det slik at dei som særleg ynskte å dedikera seg til Gud for ei tid kunne gje eit nasirearløfte, noko som omfatta asketiske avhald, reinsing, offer og andre forpliktingar.[12][13] Etter at engelen kom attende førebudde Manoah snart eit brennoffer, men den guddommeleg budbringeren ville berre tillata at det blei gjort for Gud. Då offeret blei tent på gjekk engelen på mirakuløst vis opp i flammane, og med dette fekk Manoah bevis for at engelen var send av Gud.[14]

Då Samson var ein ung mann forlét han fjella til folket sitt for å sjå byane til filistrane. Medan han var der blei han forelska i ein filistarkvinne frå Timna. Foreldra forstod ikkje at dette var Herrens vilje, i følgje Dommarane 14. Dei meinte at han burde finna seg ei kvinne hos sine eigne, og ikkje «hos dei uomskorne filistrane», men Samson valde likevel å gifta seg med henne.[15] På veg for å fri til jenta blei Samson angripen av ei løve, men han greip om henne og sleit henne i filler sidan han var fylt av Guds kraft. Denne hendinga heldt Samson for seg sjølv. Han fortsette til huset til jenta og fekk lovnad om ekteskap. På veg til bryllaupet ei tid seinare oppdaga Samson at bier hadde laga reir i kadaveret til løva og laga honning. Han åt ein handfull og gav noko til foreldra sine. På bryllaupsfesten føreslo Samson at han skulle fortelja ei gåte til dei tretti filistiske bryllaupsgjestene eller brudesvennane: om dei løyste gåta innan festen på sju dagar var over ville han gje dei «tretti linskjorter og tretti festdrakter», men om dei ikkje løyste henne ville han krevja det same frå dei. Gåta («Av ein etar kom etande, av den sterke kom søtt.»)[16] er ei skjult forklaring av det andre møtet hans med løva (då berre han sjølv var til stades).[5]

Filistrane blei rasande då dei fekk høyra gåta. Dei sa til den nye kona til Samson at dei ville brenna henne og heimen til far hennar om ho ikkje oppdaga svaret på gåta og sa det til dei. Då ho gret framfor Samson fortalde hann henne løysinga på gåta, og ho fortalde henne vidare til dei tretti bryllaupsgjestane. Den sjuande dagen kom dei til Samson og svarte:

«Kva er søtare enn honning,
kva er sterkare enn løva?»
Samson svara:
«Hadde de ikkje pløgd med mi kvige,
hadde de ikkje løyst gåta mi.»[17]
«Samson og Dalila», måleri av Rembrandt.

Rasande drap Samson tretti filistrar frå Ashkelon for deira klede, som han gav til dei tretti bryllaupsgjestane. Framleis i sinne drog han heim til far sin medan kona hans blei gjeven som ektefelle til forlovaren hans.

Seinare sette Samson eld på halen til 300 revar, som i panikk sprang inn blant åkrane til filistrane og brann ned avlingane deira. Filistrane fann ut at det var Samson som stod bak, og dei brann kona og svigerfar til Samson til daude.[6] Som hemn drap Samson endå fleire filistrar. Deretter søkte han tilflukt i ei grotte i Etam-kløfta. Ein filistarhær drog opp og kravde av 3000 menn frå Juda at dei skulle utlevera han. Med løyve frå Samson batt israelittane han, men då han blei overlevert til filistrane braut han seg fri frå taua. Med kjevebeinet til eit esel slo han i hel over tusen menn. Konklusjonen til bibelteksten er at «Samson var dommar i Israel i tjue år. Det var i filistartida.»[18]

Seinare drog Samson til Gaza der han oppheldt seg i huset til ei kvinne heile natta. Fiendane hans venta ved byporten for å overfalla han, men han reiv opp porten og bar han på ryggen til fjellet som ligg i retning av Hebron.[19]

Deretter blei han forelska i ei kvinne som heitte Dalila og var frå Sorek-dalen. Filistrane oppsøkte Dalila og forleidde henne med sølvmyntar til å avdekka løyndomen bak Samson sin styrke. Samson ynskte ikkje å avsløra løyndommen sin, så han erta henne og fortalde små løgner. Då ho band han medan han sov, braut han banda då han vakna. Dette gjentok seg tre gonger, og ho gret og plaga han i fleire dagar med spørsmålet til han gjekk lei og fortalde henne sanninga om at han ville mista styrken sin om han tapte håret sitt. Ho tilkalla då ein tenar for å klippa av dei sju hårflettene til Samson og raka han. Dette braut nasirearløftet, og han blei forlaten av Gud, slik at filistrane kunne ta Samson til fange. Deretter stakk dei ut auga hans og førte han til Gaza der dei lét han arbeida med å kverna korn i fangeholet. Men straks håret blei raka byrja det å veksa igjen.[20]

Ein dag samla filistarleiaren seg i tempelet for å ofra til guden sin Dagon i takksemd for at dei hadde fått teke Samson til fange. Dei tok han med seg til tempelet slik at kvinnene og barna deira kunne sjå han frå taket. På taket var det minst 3000 filistrar, ifølgje Bibelen. Inne i tempelet fekk den blinde Samson ein tenar til å føra han til dei to sentrale søylene i tempelet. Han tok rundt midtsøylene, ein i kvar arm, og rykka til. Bygningen kollapsa og drap alle, inkludert Samson sjølv. «Og dei han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe medan han levde.»[21]

Etter at han var død henta familien til Samson liket hans frå ruinane og gravla han i eller i nærleiken av grava til faren. Skjebnen til Dalila er ikkje nemnd.

Den rabbinske litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Samson kvernar korn, måleri ved den danske kunstnaren Carl Heinrich Bloch.

Rabbinsk litteratur identifiserte Samson med Bedan.[11] Bedan var ein domar som er nemnd av profeten Samuel i avskjeden hans som ein av dommarane som redda israelittane frå fiendane deira.[22] Bedan er likevel ikkje nemnd i Dommarane. Namnet «Samson» er avleidd frå det hebraiske ordet shemesh, som tyder «sola» slik at Samson bar namnet til Gud, som er kalla «ei sol og eit skjold» i Salmane 84:12. Slik Gud verna Israel, slik vakta Samson over sin generasjon.[23] Styrken til Samson var guddommeleg i følgje Talmud.[24]

Jødiske legender fortel at skuldrene til Samson var 60 ell (rundt 25 meter),[11] men mange kommentatorar av Talmud forklarer at ein ikkje må forstå dette bokstaveleg ettersom ein person av denne storleiken ikkje kunne ha levd eit normalt liv i samfunnet. I staden kan det ha tydinga at han hadde evna til å bera ein byrde som var 60 ell brei på skuldrene.[25] Han var òg forkrøpla i begge føtene, men då anda til Gud kom over han kunne han gå med eitt skritt frå Zorah til Eshtaol medan håra på hovudet reiste seg og slo mot kvarandre slik at det kunne høyrast over ein tilsvarande distanse.[26][27] Samson blir sagt å vera så sterk at han kunne løfta to fjell og slå dei saman som to jordklumpar.[28] Likevel førte kjempekreftene hans, som hjå Goliat, ei forbanning over han.[29]

Mangelen hans på styring er blitt samanlikna med Amnon og Simri, som begge blei straffa for syndene sine.[30] Augo til Samson blei stukne ut sidan han hadde «følgd dei» for ofte.[31] Det er sagt at i dei tjue åra då Samson var domar for israelittane kravde han aldri ei teneste frå ein av sine, og at han fromt avstod frå å misbruka Guds namn. Av den grunnen visste Dalila straks at han hadde sagt sanninga så snart han hadde fortals om nasirearløftet sitt.[11] Då han reiv tempelet overende og drap seg sjølv og filistrane fall bygningsstrukturen bakover slik at han ikkje blei knust og familien hans var i stand til å finna liket hans og gravleggja det i grava til faren.[32]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Van der Toorn et. al.: Dictionary of deities and demons in the Bible. Google Books. s. 404.
  2. Rogerson, John W. (1999): Chronicle of the Old Testament Kings: the Reign-By-Reign Record of the Rulers of Ancient Israel. London: Thames & Hudson, ISBN 0500050953. ss. 58.
  3. 3,0 3,1 Porter, J. R. (2000): The Illustrated Guide to the Bible. New York: Barnes & Noble Books. ISBN 0-760-72278-1. ss. 75.
  4. Comay, Joan; Ronald Brownrigg (1993): Who's Who in the Bible: The Old Testament and the Apocrypha, The New Testament. New York: Wing Books, 316-317. ISBN 0-517-32170-X. ss. "Old Testament"
  5. 5,0 5,1 Rogerson, John W. (1999): Chronicle of the Old Testament Kings: the Reign-By-Reign Record of the Rulers of Ancient Israel. London: Thames & Hudson. ISBN 0500050953. ss. 59.
  6. 6,0 6,1 Rogerson, John W. (1999): Chronicle of the Old Testament Kings: The Reign-By-Reign Record of the Rulers of Ancient Israel. London: Thames & Hudson. ISBN 0500050953. s. 61.
  7. Nettbibelen: Dommernes bok 13:19-24 Arkivert 3. mai 2011 på Wayback Machine.
  8. The Philistines are upon you, Samson, Ynet
  9. Comay, Joan; Ronald Brownrigg (1993): Who's Who in the Bible: The Old Testament and the Apocrypha, The New Testament. New York: Wing Books.. ISBN 0-517-32170-X. ss. "Old Testament", 319
  10.  Dom 13,1 ved Bibel.no
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Artikkel om «Samson» i Jewish Encyclopedia 1901-1906
  12. Hansen, Bjørn O. (2006): Se opp for nasireerne!, Bibelblogg
  13. Hordnes, Eirik (2008): Nasireerløftet[daud lenkje], Bibelarkivet.info
  14.  Dom 13,21 ved Bibel.no
  15.  Dom 14,3 ved Bibel.no
  16.  Dom 14,14 ved Bibel.no
  17.  Dom 14,18 ved Bibel.no
  18.  Dom 15,20 ved Bibel.no
  19.  Dom 16,1-3 ved Bibel.no
  20.  Dom 16,4-22 ved Bibel.no
  21.  Dom 16,29 ved Bibel.no
  22. Nettbibelen: Første Samuelsbok 12:11[daud lenkje]: «Så sendte Herren Jerubba’al og Bedan og Jefta og Samuel og reddet dere fra fiendene rundt omkring, så dere kunne bo trygt.»
  23. Nettbibelen: Salmenes bok 84:12[daud lenkje]: «For Herren vår Gud er sol og skjold»
  24. Talmud: Tractate Sotah 10a
  25. Ben Yehoyada og Maharal i kommentarer til Talmuds traktat sotah 10a
  26. Talmuds traktat Sotah 10a
  27. Midrash Leviticus Rabbah viii. 2
  28. ibid.; Sotah 9b
  29. Midrash Ecclesiastes Rabbah i., avslutning
  30. Leviticus Rabbah. xxiii. 9
  31. Sotah l.c.
  32. Midrash Genesis Rabbah l.c. § 19