Samuel Bergset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Samuel Bergset (16. oktober 18887. mars 1974) var ein bonde, skreddar og spelemann frå Fjelli i Stryn kommune i Sogn og Fjordane.

Bakgrunn/oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Samuel Bergset voks opp i bygda Fjelli i Stryn, i indre Nordfjord, som son av Kristen Bergset (f. Bjørnereim i Breim 25.05.1843) og Johanne Bergset (f. Lillestøl, 22.04.1852 i Hornindal). Samuel Bergset var nummer 7 av 9 sysken.

I 1910 gifta Samuel Bergset seg med Karoline Bergset (f. Svanheim, f. 04.04.1887 i Sætre, Stryn, d. 06.06.1970). Ekteparet budde på Blaksæter i Stryn. Samuel Bergset dreiv som skreddar og bureisar på Roset i Blaksetbygda.

Opplæring/tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Samuel Bergset byrja å spele vanleg fele, men skifta til hardingfele rundt 1915.

Like eins med Jon Rosenlid kom Samuel Bergset i ung alder i lære hjå den aldrande og legendariske storspelemannen Magne Maurset (1824–1916). Men Samuel Bergset lærte fyrst av faren, som var frå Breim. Allereie som 14-åring var Samuel i lære hjå Gabriel Reed. Seinare gjekk han i lære hjå Anders Reed. Bergset hadde og tradisjon frå Jon Rosenlid, som han spelte mykje saman med.

Samuel Bergset var med og skipa spelemannslaget Fjelljom, og ein periode var han leiar her.

Han var svært etterspurd som dansespelemann, og visstnok var han spelemann i over 300 bryllaup.

Musikalsk ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Samuel Bergset er ei viktig kjelde for Arne M. Sølvberg. I 1996 sleppte Sølvberg plata Nordfjordslåttar – i tradisjon etter Jon Rosenlid og Samuel Bergset (Grappa Musikkforlag, 1996)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]