Samuel Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samuel Brown

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 1799
Død

16. september 1849 (50 år)

Yrke ingeniør, oppfinnar
Språk engelsk

Samuel Brown var ein engelsk oppfinnar som er kjend for å ha eksperimentert med forbrenningsmotorar tidleg på 1800-talet. Han var utdanna som bøkker og arbeidde mellom anna med å utvikla maskinar for dette faget.

I 1823 og 1826 fekk Brown patent på ein atmosfæremotor. Han nytta ein gassflamme til å varma opp lufta i ein sylinder. Sylinderen hadde utlufting og difor tilnærma atmosfæretrykk. Etter at lufta i sylinderen var oppvarma vart utluftinga stengd og sylinderen var avkjølt med vatn. Dette førte til at volumet av gassen i sylinderen vart mindre og trykket vart mindre enn atmosfæretrykket på utsida. Atmosfæretrykket dreiv difor stemplet innover.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.