Samuel Hoffman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samuel Hoffman
Fødd23. juli 1903
FødestadManhattan
Død6. desember 1967
OpphavUSA
InstrumentTheremin
Verka sommusikar

Samuel J. Hoffman (23. juli 19036. desember 1967) var ein amerikansk theremin-spelar.

14 år gammal byrja han å spele fiolin som profesjonell musikar i New York City. Under scenenamnet Hal Hope leia han band på nattklubbar. Innan 1936 hadde han byrja å spele theremin og vart kjend for dette.

I 1941 flytta Hoffman til Los Angeles, der han oppretta ei lækjarkontor og hadde lite tid til musikk. Men sidan han var den einaste thermein-spelaren i Local 47 i Musikarunionen, vart han oppringd i 1945, då komponisten Miklos Rosza ønskte å bruke ein theremin i filmen Spellbound. Hoffman byrja å spele under sitt verkeleg namn, men vart ofte kalla «Doctor».[1] Etter filmen vart ein suksess, vart han spurt om å spele i mange filmar, som The Day the Earth Stood Still (1951). Han var etterspurt for skrekk- og science fiction-filmar til slutten av 1950-åra.

Seint i 1940-åra spelte han inn tre album med bandleiaren Les Baxter. Desse var føregangarar til exotica. Dei påverka òg Sun Ra, som spelte inn ein komposisjon frå Perfume Set to Music på den første plata hans, Jazz by Sun Ra. Ei av dei siste innspelingane til Hoffman vart gjort i 1967 då han spelte på to songar på albumet Safe as Milk av Captain Beefheart and his Magic Band.

Hoffman døydde av eit hjarteinfarkt 6. desember 1967.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Desse albuma er sett saman og ommastra på Waves in the Ether: The Magical World of the Theremin (2004).

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. All Music bio

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]