Samuel Manthey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samuel Manthey
Fødd 25. august 1774
Glückstadt
Død

4. august 1815

Samuel William Manthey (25. august 177413. juli 1815) var ein norsk offiser, embetsmann og stortingsmann. Han var far til August Christian Manthey.

Manthey var fødd i Glückstadt, faren var prest. Sjølv vart han løytnant i artilleriet i 1793, tok avskjed frå det militære i 1801 som kaptein. Han vart student i 1798 og cand. jur. i 1800. 1802 var han guvernementsekretær i Vestindia, frå 1803 sorenskrivar i Karmsund. 1808-15 var han sorenskrivar i Rakkestad, i 1815 utnemnd til byfut i Larvik og sorenskrivar i Larvik grevskap.

Manthey vart innvald på det overordentlege Stortinget i 1814, som 3. representant for dei 14 okkuperte prestegjelda i Smaalenenes amt. Valet vart godkjent med 59 røyster mot 14. Han var medlem av Lagtinget.

24. april 1815 vart Manthey, saman med kaptein Thorne og sorenskrivar Winsnes, oppnemnd til å granske forsvinninga og det sannsynlege mordet på grosseraren Hans Gude på herregarden Thorsø i Borge i Østfold.

Manthey døydde brått på eit skysskifte i Østfold 13. juli 1815, etter å ha drukke eit glas vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]