Samuel P. Huntington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samuel P. Huntington 2004

Samuel Phillips Huntington (18. april 192724. desember 2008) var ein US-amerikansk statsvitar, mangeårig professor ved Harvard University. Huntington er særleg kjent for boka The Clash of Civilizations and the Remaking of World Order frå 1996.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Huntington var fødd i New York City og studerte ved Yale University og tok seinare doktorgraden (Ph.D.) ved Harvard i 1951. Han var tilsett ved avdelinga for statsvitskap ved Harvard frå 1950. Åra 1959-62 arbeidde Huntington ved Columbia University.

Huntington vart ein kjend statsvitar på 1960-talet som forfattar av boka Political Order in Changing Societies. Der utfordra han det konvensjonelle synet på modernisering og sosial framgang som faktorar som skulle frambringe demokrati i den tredje verda.

Kampen mellom sivilisasjonane[endre | endre wikiteksten]

Francis Fukuyama gav i 1992 ut den mykje omtala boka The End of History and the Last Man. Hovudtesen i boka var at historia var slutt i og med at dei vestlege demokratia hadde sigra over kommunismen i den kalde krigen. Huntington skreiv i 1993 ein artikkel i tidsskriftet Foreign Affairs der han imøtegjekk denne tesen. Artikkelen The Clash of Civilizations? vart utvida til boka The Clash of Civilizations and the Remaking of World Order, utgjeven 1996. Boka fekk stor merksemd, vart mykje debattert og på fleire felt kritisert.

Huntingtons hovudtese i boka var at det faktum at berre ein ideologi og eitt økonomisk system syntest tenleg etter den kalde krigen var over, ikkje innebar noko slutt på historia eller storskala konfliktar. Verda hadde tvert imot gått tilbake til det normale; strid mellom kulturar eller sivilisasjonar. Såleis meinte han at Fukuyama og andre gløymde framtidige konfliktgrunnar, og at dei viktige byggesteinane i verdspolitikken og det internasjonale systemet etter den kalde krigen består av sivilisasjonar snarare enn statar. Han meiner konfliktar på 2000-talet kjem til å oppstå mellom desse sivilisasjonane framfor mellom statar, og at verdsreligionane er viktige i så måte.

Huntington definerer i boka si ein sivilisasjon for «den mest omfattande, kulturelle gruppetilhøyrsla og det mest allmenne nivået av kulturell identitet menneske kan vere saman om». Denne definisjonen har kritikarar omtala som vag.

Kart over Huntingtons sivilisasjonar, den vestlege i mørkeblått

Huntington identifiserer seks til åtte større sivilisasjonar:

Pluss kanskje ein afrikansk.

Kampen mellom sivilisasjonane meiner Huntington er tydelegast mellom den muslimske og ikkje-muslimske verda. Huntington trur derimot at den fremste økonomiske og materielle utfordringa mot vesten kjem frå dei asiatiske sivilisasjonane.

Huntington hevdar det er eit utslag av vestens hybris å sjå på heile verda som ein einaste, moderne sivilisasjon. Han meiner at det som er universalisme i den vestleg verda, derfor er imperialisme sett frå synsstaden til dei øvrige sivilisasjonane. Huntington meiner også at vesten, som kanskje stod på topp i åra rundt 1920, ikkje fekk ei dominerande stilling gjennom overlegne idéar, verdiar eller religion. Dominansen kom snarare av at dei var i ei særklasse i å føre krig. Huntington meiner den vestlege sivilisasjonen i snøgg takt taper terreng til dei hine sivilisasjonane, då den økonomiske og militære posisjonen til vesten jamt vekk vert svekka, målt på ein relativ skala. Ettersom Huntington hevdar at kulturen fylgjer makta, meiner han at attraktiviteten i vestkulturen, ideologi og samfunnsinstitusjonar for elitane i andre sivilisasjonar minkar når vesten ikkje lengre er tydleg rikast og mektigast. I staden bør ein vente ei tiltakande glorifisering av dei eigne sivilisasjonane.

Kritikken[endre | endre wikiteksten]

Huntington fekk mykje kritikk for tesane sine, ikkje minst frå liberalarar. Mellom anna vart han skulda for å vere pessimist. Ein kan likevel merke seg at sjølv om Huntington spår at vesten vert utfordra og at andre sivilisasjonar utgjer eit trugsmål, vender han seg mot imperialismen. Han meiner derfor at det er naivt å krevje at andre sivilisasjonar i stor grad skal tilpasse seg verdiane i vesten, og at dette kjem til å leie til konfliktar.

Andre forskarar har peika på at teoriane hans samstavar lite med den historiske utviklinga i ein heil del land. Boka hans byggjer meir på anekdotiske observasjonar enn omfattande komparative studiar over tid, mange meiner han såleis dreg vel vidtrekkande slutningar av eit magert material.

Huntingtons idéar fekk fornya aktualitet etter terroristangrepa den 11. september 2001 og påfølgjande hendingar. Mange såg desse som del av ei breiare konflikt mellom vestverda og den muslimske verda. Også dei snøgge økonomiske framstega i Kina og India tek mange til inntekt for relevansen i Huntingtons argumentasjon.

I 2007 publiserte Emmanuel Todd og Youssef Courbage Le rendez-vous des civilisations ("Sivilisasjonane sitt stemnemøte"), ein direkte polemikk mot Huntington. Utifrå demografiske fakta, i første rekke nativitet, viser dei at muslimske samfunn syner tendensar mot stendig meir å ta opp moderne, globale verdiar. Terrorisme er einast eit overgangsfenomen, til liks med dei grufulle omveltingane som råka Europa under 1900-talet i form av fascisme, stalinisme og krig.

Huntington døydde på Martha's Vineyard i Massachusetts.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]