Samuel Pepys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samuel Pepys
Samuel Pepys.jpg
Fødd 23. februar 1633
City of London
Død

26. mai 1703
Clapham

Yrke politikar, skribent, dagbokskrivar, fredsdommer
Ektefelle Elizabeth Pepys
Samuel Pepys på Commons

Samuel Pepys (23. februar 163326. mai 1703) var ein engelsk embetsmann og forfattar av ei berømt dagbok, ei dagbok som vart gjeven ut fyrste gongen i 1825.

Pepys var utdanna ved Cambridge University. I regjeringstida til kong Jakob II var han oversekretær i Admiralitetet. Reformeringa hans av Admiralitetet var eit viktig steg i den tidlege profesjonaliseringa av den britiske marinen. Pepys var elles medlem av Det engelske parlamentet.

Pepys ry i dag er knytt til den detaljerte dagboka han skreiv i tida 1660–69. Ho vart skriven i ei koda form, sidan tyda og i 1825 gjeven ut i ein nedkorta versjon. Boka er ei mykje viktig primærkjelde til restaurasjonsåra. Ho gjev eit levande inntrykk av dei politiske, kulturelle og sosiale tilhøva i London på den tid. Dagboka fortel inngåande om ei rad sentrale hendingar, mellom dei pesten i 1665, den store bybrannen i 1666 og krigen mot Nederlanda 1665-67. Mykje forvitneleg er òg det nærgåande portrettet boka teiknar av Pepys sjølv og av den kvardagen han var ein del av.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]