Samuel Plimsoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Samuel Plimsoll

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 10. februar 1824
Sheffield
Død

3. juni 1898 (74 år)
Folkestone

Yrke politikar
Språk engelsk
Politisk parti Det liberale parti
Samuel Plimsoll på Commons

Samuel Plimsoll (10. februar 18243. juni 1898) var ein britisk politikar og reformator, no best kjend som mannen bak plimsollmerket.

Samuel Plimsoll vart fødd i Bristol men flytte tidleg til Sheffield og forlét skulen i ung alder for å arbeida på eit bryggeri. I 1853 freista han å etablera seg i London som kolhandlar, men mislukkast og vart ruinert. I ein periode måtte han bu i eit losji for fattige, og røynsla gav han sympati med dei utslegne i samfunnet.

På den tida var livet til sjøs svært farleg, ein av fem britiske sjømenn omkom. Dødelegheita var større blant sjømenn enn i noka anna yrkesgruppe, tusenvis av skip forliste grunna overlast eller dårleg vedlikehald. Dei forferdelege tapa av sjømenn, og skjebnen til enkene fekk Plimsoll til å arbeida for tryggleik til sjøs. I 1868 vart han vald inn i parlamentet for det liberale partiet for kretsen Derby og arbeidd utrøytteleg for lovar som kunne sørgja for sikrare skipsfart. I 1872 gav han ut ei bok om tilhøva til sjømennene som gjorde eit sterkt inntrykk på opinionen.

I 1873 nedsette parlamentet ein kommisjon for å greia ut saka og i 1875 vart det vedteke ein sjøsikkerheitslov. Plimsoll såg på loven for utilstrekkeleg, men valde endå å støtta han. I eit parlamentsmøte den 22. juli same året erklærte likevel statsminister Benjamin Disraeli at loven ikkje ville verta vedtaken. Plimsoll vart rasande og karakteriserte parlamentsmedlemmane som «skurkar». Plimsoll fekk ei åtvaring, og bad om unnskyldning. Folkesetnaden delte likevel hans syn på at loven hadde vorte stoppa av skipsreiarane, og opinionen tvinga regjeringa til å fremja eit lovforslag som året etter vart føydd til «the Merchant Shipping Act».

Statue av Plimsoll i Bristol

Loven gav styresmaktene betre høve for å inspisera skip, og innførte ein lastelinje, som raskt vart kjent som plimsollmerket. Plimsoll vart gjenvald til parlamentet i 1880, men gav opp sin plass til William Vernon Harcourt, som han såg på ville halda fram arbeidet for sjøsikkerheit. Plimsoll vart utnemnd som ærespresident for det britiske sjømannsforbundet. Mot slutten av livet vitja han USA for å prøva å påverka amerikanarane til å ha ei meir balansert skildring av Storbritannia i lærebøkene sine.

Det er eit paradoks at dårlege skuter, såkalla flytande likkister, vart kalla for ein plimsoll etter han som kjempa for det motsette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brian Faulkner: Samuel Plimsoll: the sailor's friend

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]