Samuel Severin Bætzmann
| Samuel Severin Bætzmann | |||
| | |||
| Fødd | 3. juni 1800 Sandviken | ||
|---|---|---|---|
| Død | 5. august 1859 (59 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar, embetsmann, politimeister, byfogd, sorenskrivar, kommunedirektør | ||
| Barn | Frederik Bætzmann, Ernst Reinhold Bætzmann | ||
| Alle verv |
| ||
Samuel Severin Bætzmann (3. juni 1800–5. august 1859) var ein norsk embetsmann og politikar, fødd i Bergen. I tida 1844–56 ordførar i Trondheim i tre åtskilde periodar. Han var stortingsmann 1854–58.
Bætzmann voks opp i Trondheim der faren var overtollbetjent. Sjølv kom han i lære på sorenskrivarkontor, frå 1817 i Strinda og Selbu, seinare i Vestre Råbyggelag. Etter «norsk» juridisk eksamen i 1825 vart han konstituert som sorenskrivar på Fosen og i Gauldal, justissekretær ved Trondhjems stiftsoverrett og fut i Strinda og Selbu. I 1830-åra vikarierte Bætzmann jamt som borgarmeister i Trondheim. Han var i tillegg underrettsprokurator i Søndre Trondhjems amt. Frå 1842 var Bætzmann politimeister i Trondheim. År 1856 fekk jobben som byfut og notarius publicus i Trondheim.
Bætzmann var medlem 1839–57 av representantskapet i Noregs Bank, deretter styremedlem i same banken, også styremedlem i Trondhjems Sparebank frå 1850 til 1857. Bætzmann vart vald til bystyremedlem i, bolkane 1843–44, 1851–53 og 1855–56 ordførar. Han var stortingsmann 1854–58 frå kjøpstadene Trondhjem og Levanger. I 1854 var han medlem Næringskomité nr 1, i 1857 formann i Desisjonskomitéen og i 1858 medlem i Bankkomitéen. Han vart rekna for å stå nær det politiske sentrum både i kommunen og på stortinget.
Bætzmann døydde på garden/eigedomen Kuset ved Jonsvatnet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914