Samuel Sharpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samuel Sharpe
Samsharpe.JPG
Fødd 1801
Montego Bay
Død

23. mai 1832
Montego Bay

Samuel «Sam» Sharpe (18011832) var ein jamaicansk opprørsleiar som sidan er utropt til nasjonalhelt i landet.

Sharpe var slave gjennom heile livet, men hadde fått høve til å utdanna seg, og var respektert av andre slavar som ein lærd mann og leiar. Han var baptistdiakon, og reiste rundt i St. James Parish for å læra slavar om kristendom, som han meinte lova dei fridom. Som andre slavar på øya følgde han nøye med på arbeidet med å avskaffa slaveriet som gjekk føre seg i Storbritannia. Dette hadde allereie ført til lovgjeving som skulle letta livet for slavane, men ikkje ei full avskaffing.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Samuel Sharpe blei fødd rundt 1805 på ein plantasje i Saint James Parish på Jamaica. Plantasjeeigarane heitte Jane og Samuel Sharpe. Offisielt blei Sharpe kalla Archer, men han gjekk under namnet Samuel eller Sam. Eit slaveoversyn frå 1817 nemner ein 12 år gammal Archer på plantasjen, saman med mora Eve, ein yngre bror Joe på 2, og systera Eliza på 20.

Sharpe fekk løyve til å bli utdanna. Han var diakon ved Burchell baptistkyrkje i Montego Bay, der misjonæren Thomas Burchell frå England var pastor.

Opprør[endre | endre wikiteksten]

I jula 1831 stod Sharpe i teten for ein fredeleg streik blant mange av slavane på Jamaica. Streiken skulle finna stad den tida på året då sukkerrøyra skulle haustast, ei tid som var viktig for menge plantasjeeigarar.

Etter at nokre plantasjeeigarar fekk nyss om planen, blei det send troppar og krigsskip til Montego Bay og Black River for å slå ned opprøret. 27. desember 1831 blei hovudhuset på Kensington Estate brend, og konflikten som følgde er blitt kalla Juleoppreisten, Baptistkrigen eller Frigjeringskrigen (Emancipation War).[1] Under og etter opprøret blei rundt 500 slavar drepne av britiske soldatar og plantasjeeigarar. Rundt 14 kvite personar døydde.[1]

Som ein av leiarane for opprøret blei Sharpe dømd til døden. I månadane før avrettinga blei han vitja i fengselet av misjonæren Henry Bleby, som rapporterte at han sa: «Eg vil heller gå ut og døy i den galgen enn å leva som slave.»[a] Sharpe blei hengd den 23. mai 1832 på marknadsplassen i Montego Bay.[1]

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Den brutale måten slavane blei behandla på av plantasjeeigarstanden på Jamaica førte til stor misnøye i Storbritannia. Det blei halde to parlamentariske undersøkingar, og ein rekner med at hendingane bidrog til at parlamentet vedtok opphevinga av slaveriet med Slavery Abolition Act i 1833. Dette enda slaveriet i heile det britiske imperiet.

I 1975 blei Sharpe utnemnd til jamaicansk nasjonalhelt. Han er medlem av nasjonalheltordenen på Jamaica, med tittelen The Rt. Excellent Samuel Sharpe.

Plassen der han blei avretta fekk namnet Sam Sharpe Square i 1976.[2] Sharpe er minna med eit monument som viser han sjølv og fire tilhøyrarar. Skulpturen er utforma av Kay Sullivan og blei avduka i 1983.[2]

Samuel Sharpe er avbilda på den jamaicanske femtidollarsetelen.[1]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I would rather go out and die on that gallows, than live a slave.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bank of Jamaica - Bank Notes». boj.org.jm. Henta 12 April 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Sam Sharpe Square». Jamaica National Heritage Trust. Henta 7. juni 2017.