Samuel Simonsson Fede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samuel Simonsson Fede
Fødd 1769
Død

13. mars 1856 (86 år)
Kvinesdal

Yrke politikar, bonde

Samuel Simonsson Fede (176913. mars 1856) var frå Kristiansand eller Søgne i Vest-Agder. Han var gardbrukar og stortingsmann.

Mor til Fede flytta til garden med same namnet, etter ho vart enkje. Sonen tok etter kvart over garden og dreiv den vidare. Han vart i 1788 i tillegg postopnar, eit verv han hadde fram til han døydde i 1856.

Fede var 2. representant frå Lister og Mandals amtStortinget i 1818. Han var medlem av fem komitear, mellom dei om brennevinsbrenning, om fyr- og merkevesenet og om husmannslova.

Han døydde på garden sin i Kvinesdal i 1856.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]