Samuline Seljeset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samuline Seljeset
Fødd 1804
Yrke musikar

Samuline Seljeset (18041872) var ein norsk folkemusikar frå Nordfjord.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Samuline Seljeset vart fødd på garden Muldsvor i Hornindal kommune i Nordfjord, på grensa til Sunnmøre. Foreldra var Anders Rasmussen og Anne Olsdatter. Ho hadde tre sysken, ein gut og to jenter. Både broren Rasmus og systrene Synneve og Ingeborg spelte fele.

Læremeistrar[endre | endre wikiteksten]

Den omreisande spelemannen «Blinde-Rasmus» var læremeistar til Rasmus på Moldsvor då Samuline var lita jente, og medan karane spelte gjekk ho rundt og lytta. Ein annan spelemann som reiste rundt i Hornindal var Loms-Jakup eller Fel-Jakup som har var kjend som andre stader i landet. Namnet hans var Jakop Olsen Felodden og han var ein vidkjend spelemann med høgt utvikla teknikk.

Familieliv[endre | endre wikiteksten]

10. juli 1825 vart Samuline gift med Elling Andersen, og då gifte ho seg til garden Seljeset, som låg litt lengre ned i dalen. Elling og Samuline fekk ni born, men ikkje alle borna vaks opp. Historia fortel at Elling vart sur og furten når Samuline steig til hest og reiste på spelferd, for då laut han sjølv sjå etter garden og passe borna.

Eit musikalsk ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Mange kjende spelemenn er etterkommarar etter Samuline Seljeset. Synnøve Hjellbakk Hole og Gunn Gausemel, båe kjend frå gruppa Honndalstausene, er firmenningar og tipp-tipp-tipp-oldeborna til Samuline Seljeset. Songaren Elling Seljeset er Gunn Gausemel sin oldefar. Også felespelarane Lars, Andreas, Oskar og Svein Hjellbakk er Samuline Seljeset sine etterkommarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]