Samum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samum (arabisk سموم samūm; frå rota سم s-m-m, «å forgifte») er ein kraftig, tørr og støvete lokal vind som bles i Sahara, Palestina, Israel, Jordan, Syria, og ørkenane på Den arabiske halvøya. Alternative stavingar er simoom, samiel, sameyel, samoon, simoun og simoon. Temperaturen kan kome over 54 °C og fukta kan falle til under 10%.

Uvêret flyttar seg i ein syklonsk (sirkulær) form, og fører skyer av støv og sand, og gjev ein kvelande kjensle for menneske og dyr. Namnet tyder «giftvind» og vart slik fordi den brå starten kan føre til heiteslag. Dette kjem av at den varme vinden fører meir varme til kroppen enn han klarer å fordampe ved sveitte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]