Samvirkelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit samvirkelag, samyrkelag eller samvirkeforetak (forkorta SA) er ein økonomisk organisasjon som skal arbeide for å betre medlemmane si økonomiske stilling. I Noreg er forbrukarsamvirket, bustadsamvirke og ulike innkjøps- og produsentsamvirke innanfor landbrukssektoren dei vanlegaste formene for samvirke. I Noreg er samvirkaforetaka regulert i ein eigen lov om samvirkelag frå 2007.[1]

Eit samvirkelag skil seg frå andre vanlege økonomiske organisasjonar som aksjeselskap på mange måtar. I eit aksjeselskap har eigarane røysterett etter kor mykje kapital dei har skote inn i selskapet, medan eit samvirkelag er basert på prinsippet eit medlem ei røyst. I eit aksjeselskap blir overskottet fordelt mellom eigarane etter kor mykje kapital dei har skote inn, medan i eit samvirkelag blir overskotet fordelt mellom eigarane etter kor mykje medlemet har nytta samvirkelaget. Eit godt døme på dette er forbrukarsamvirket der overskotet blir fordelt mellom medlemmane/eigarane etter kor mykje du har handla for.

I hovudsak finst det tre typar samvirkelag. Den vanlegaste typen er forbrukarsamvirke. Anten i den forma vi kjenner i Noreg gjennom butikkane til NKL (Norsk kooperativ landsforening), no Coop, med butikkar som Prix, Obs!, Extra osb., eller organisert som ulike typar innkjøpslag eller salslag. Salslag er lovpålagt innanfor fiskeria. Den andre hovudtypen er produsentsamvirke. I Noreg kjenner vi dette i hovudsak i landbruket der produsentar går saman og organiserer meieri og slakteri som samvirkelag. Tine og Nortura er kanskje dei mest kjente døma. Den tredje hovudtypen er arbeidssamvirke, der medlemmane og arbeider i samvirkelaget. I Noreg er dette ikkje vanleg, men dette er ikkje ukjent andre stader. Spesielt i Mondragon i Spania er det omfattande arbeidssamvirke. Dette er ein del av Baskerland og var eit økonomisk ganske nedtrykt område på 50-talet. I denne situasjonen tok den katolske kyrkja initiativ for å stifte kooperativ for å hjelpe økonomien i området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første samvirkelaga oppstod i Storbritannia på 1840-talet. Prinsippa for samvirkelag vart først formulert av vevarane i Rochdale då dei opna ein butikk i 1844. Desse prinsippa er sidan blitt omformulert fleire gonger. Dei opphavlege prinsippa frå Rochdale var:

  1. Ope medlemskap
  2. Demokratisk kontroll (ein person, ei røyst).
  3. Fordeling av overskott etter bruk.
  4. Avgrensa rente av kapitalen.
  5. Politisk og religiøs nøytralitet.
  6. Kontant handel, ingen kreditt.
  7. Freming av utdanning.

Desse prinsippa vart institusjonalisert gjennom vedtak i Den internasjonale kooperative alliansen i 1895. Prinsippa er endra fleire gonger, sist i 1995 og lyder no:

  1. Ope og frivillig medlemskap.
  2. Demokratisk medlemskontroll.
  3. Medlemmane skal delta økonomisk.
  4. Autonomi og sjølvstyre.
  5. Utdanning, trening og informasjon.
  6. Samarbeid mellom kooperativ.
  7. Opptatt av samfunnet.

I Saskatchewan vann det kooperative partiet delstatsvalet i 1947. Under positive ideologiske og til dels gode økonomiske stimuli voks kooperativ fram svært fort. Dei gjorde seg særleg gjeldande i mindre bygder som var avhengige av landbruket. Mange av desse kooperativa var medlemskooperativ som forbrukarsamvirket, men mange var også arbeidar- eller samfunnskontrollerte kooperativ. Noko av det mest interessante som skjedde i Saskatchewan var framveksten av kooperativt jordbruk. Canada har den dag i dag svært mange samvirkelagmedlemmar, omtrent 1 av 3 er medlem i eit samvirkelag. Det er vanleg at samvirkelag blir danna for å løyse dei økonomiske utfordringane folk står overfor i dagleglivet. Derfor oppstår samvirkelag oftare i små samfunn.

På verdsbasis er det 800 millionar samvirkelagmedlemmar. India har flest menneske som er involvert i samvirkelag. Meir enn 100 millionar menneske jobbar i samvirkelag på verdbasis.

Samvirkelag har tilgang til eit eige toppdomene: .coop

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Den internasjonale kooperative alliansen