Sana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå San'a)
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 15°20′54″N 44°12′23″E
Sana
صنعاء
by
none
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Administrativ inndeling Amanat Al Asimah
høgd 2 250 moh
Koordinatar 15°20′54″N 44°12′23″E
Areal 126 km²
Folketal 1 937 451 (2012)
Folketettleik 15 377 / km²
borgarmeister General Abdul-Qader Hilal
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sana'a

Sana (òg skrive Sanaa eller Sana'a; arabisk صنعاء, Ṣan‘ā’) er den største byen i Jemen og administrasjonssenteret i Sana guvernement. Byen sjølv er ikkje ein del av guvernementet, men dannar eit separat administrativt distrikt kalla Amanat Al-Asemah. Etter den jemenittiske grunnlova er Sana hovudstaden i landet,[1] men setet til den internasjonalt anerkjente regjeringa flytta til Aden etter statskuppet i Jemen 2014-2015. Aden vart erklært mellombels hovudstad av president Abd Rabbuh Mansur Hadi i mars 2015.[2]

Sana er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda. Han ligg i ei høgd på 2300 meter over havet og er òg ein av dei høgastliggande hovudstadane i verda. Sana har opp under 2 millionar innbyggjarar og er den største byen i Jemen.

Gamlebyen i Sana er innskriven på verdsarvlista til UNESCO og har eit særpreg med unik arkitektur, mellom anna fleire etasjar høge bygg dekorerte med geometriske mønster. I konflikten som rasa i 2015 vart verdsarvstaden råka av fleire bomber.[3][4] Den store moskeen i Sana ligg i gamlebyen og er den største i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oldtida[endre | endre wikiteksten]

Sana er ei av dei eldste busetjingane i verda. I følgje ei folkesegn vart byen grunnlagd av Sjem, sonen til Noah.[5][6][7] I oldtida vart han kalla «Azal», som har blitt knytt til Uzal, ein son av Qahtan, og eit oldebarn av Sjem i Bibelsoga.[8] Det noverande namnet kjem truleg frå det sørarabiske ordet for «god festning».[8]

Den arabiske historikaren al-Hamdani skreiv at sabearane bygde bymurar kring Sana under Sha'r Awtar, som òg bygde Ghumdan-palasset i byen. På grunn av plasseringa har Sana tent som eit bysenter for dei kringliggande stammene i regionen og som ein kjerne for den regionale handelen sør i Arabia. Han låg ved krossvegen mellom to store, gamle handelsvegar som knytte Marib i aust til Raudehavet i vest.[7]

Då kong Yousef Athar (eller Dhu Nuwas), den siste Himjaritt-kongen, hadde makta, var Sana òg hovudstaden for etiopiske statthaldarar.

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Den eldste kjende kopien av Koranen, funnen i Sana'a i 1972.

Frå starten av islam fram til det vart oppretta sjølvstendige understatar i mange delar av i Jemen under det islamske kalifatet, heldt Sana fram med å vere eit administrasonssenter. Nestleiaren til kalifen styrte sakene som ein av tre makhalifar i Jemen: Mikhlaf Sana, Mikhlaf al-Janad og Mikhlaf Hadhramawt. Sana hadde ofte ein viktig status og alle jemenittiske statar kjempa om å få kontroll over byen.

Imam al-Shafi'i, som grunnla shafi'i-retninga innan islam på 700-talet, vitja Sana mange gonger. Han lovpriste byen og skreiv La budda min Ṣanʻāʼ eller «Sana må sjåast». På 800- og 900-talet skreiv den jemenittiske geografen al-Hamdani om kor rein byen var og skreiv «Dei ringaste bustadane der har ein brunn eller to, ein hage og ein lange kloakkummar skilde frå kvarandre, tomme for søppel, utan vond lukt, på grunn av den harde sementen (truleg adobe og mais) og fine beitemarker og reine stader å spasere.» Seinare på 900-talet skreiv den persiske geografen Ibn Rustah om Sana: «Ein finn ikkje ein flottare, meir folkerik og velståande by, med stoltare opphav og betre mat.»

I 1062 tok Sulayhid-dynastiet leia av Ali al-Sulayhi og kona hans, den populære dronning Asma, over Sana'a. Han gjorde byen til hovudstaden sin i eit relativt lite kongedøme, som òg omfatta Harazfjella. Sulayhidane støtta det ismail-muslimske Fatimidekalifatet i Egypt, i staden for det Bagdad-baserte Abbasidekalifatet som det meste av Arabia følgde. Al-Sulayhi regjerte i kring 20 år, men vart myrda av lokale rivalar, dei Zabid-baserte najahidane. Etter han døydde, arva dotter hans, Arwa al-Sulayhi, trona. Ho treket seg bort frå Sana, og flytta Sulayhid-hovudstaden til Jibla, der ho styrte det meste av Jemen frå 1067 til 1138. Då sulayhidane forvann, tok Hamdanid-dynastiet over Sana'a.[9]

I 1173 sende Saladin, ajjubide-sultanen av Egypt, bror sin Turan-Shah på ein ekspedisjon for å erobre Jemen. Ajjubidane fekk kontroll over Sana i 1175 og samla forskjellige jemenittiske stammestatar, utanom dei nordlege fjella, som var kontrollerte av Zaydi-imamane.[9] Ajjubidane endra den offisielle religionen i landet til sunni-islam. Under styret til ajjubidane gjorde emir Tughtekin ibn Ayyub store utbetringar i byen. Mellom anna innlemma han hagelandet på vestbreidda av Sa'ilah, kjend som Bustan al-Sultan, der ajjubidane bygde eit av palassa sine.[10] Trass i den strategiske plasseringa til Sana, valte ajjubidane Taiz som hovudstaden sin, medan Aden vart den viktigaste inntektsbringande byen deira.

rasulidane kontrollerte det meste av Jemen, etterfølgd av tahiridane, var Sana stort sett innafor den politiske området til Zaydi-imamane frå 1323 til 1454 og utaofr dei to tidlegare dynastia sitt styre.[11] Mamelukkane kom til Jemen i 1517.

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Det osmanske riket gjekk inn i Jemen i 1538 då Suleiman den store var sultan.[12] Özdemir Pasha leia dei osmanske styrkane som erobra Sana i 1547.[11] Med godkjenning frå osmanarane, vitja ofte europeiske kapteinar med base i dei jemenittiske hamnebyane Aden og Mokka Sana'a for å oppretthalde visse privilegium for handelen sin. I 1603 tok lokale Zaydi-imamar leia av imam al-Mu'ayyad igjen kontroll over området,[12] og tvang dei osmanske soldatane ut i 1629. Sjølv om osmanarane flykta under styret til al-Mu'ayyad, hadde føregjengaren hans al-Mansur al-Qasim i stor grad svekka den osmanske hæren i Sana'a og Jemen.[11] Europeiske kjøpmenn mista dermed privilegia sine.[12]

Zaydi-imamane heldt styret sitt over Sana fram til midten på 1800-talet, då osmanarane igjen prøvde å få kontroll over området. I 1835 nådde osmanske sodlatar fram til kysten av Jemen, maskert som soldatane til Muhammed Ali av Egypt.[12] Dei erobra ikkje Sana før 1872, då soldatane deira leia av Ahmed Muhtar Pasha gjekk inn byen.[11] Det osmanske riket gjennomførte Tanzimat-reformar gjennom landa dei styrte.

I Sana'a vart det sett i verk byplanlegging for første gong. Det vart bygd nye vegar, skular og sjukehus. Reformane vart gjennomført i hastverk av osmanarane for å styrke kontrollen over Sana og konkurrere med eit Egypt som utvida seg, den britiske påverknaden i Aden og italiensk og fransk makt langs kysten av Somalia, særleg i byane Djibouti og Berbera. Moderniseringsreformer i Sana var likevel avgrensa.[13]

Nord-Jemen[endre | endre wikiteksten]

Dar al-Hajar, bustaden til imam Yahya i Wadi Zahr nær Sana.

I 1904 vart den osmanske makta svekka i Jemen og imam Yahya frå zaydiimamane tok over makta i Sana igjen. I eit forsøk på å sikre Nord-Jemen sjølvstende, fokuserte Yahya på isolasjonisme der han unngjekk internasjonal og arabisk politikk, og slo hardt ned på alle gryande frigjeringsrøsler. Det vart ikkje medverka til utviklinga av infrastruktur i Sana og andre stader, og den osmanske jenteskulen vart nedlagt. Som følgje av dette vart Sana'a i aukande grad eit senter for antistatlege organisasjonar og intellektuelt opprør.[13]

I 1930-åra dukka det opp fleire organisasjonar som var mot eller som kravde reformer frå Zaydi-imamatet i byen, særleg Fatat al-Fulayhi, ei gruppe forskjellige jemenittiske, muslimske lærte basert i Fulayhi-skulen i Sana, og Hait al-Nidal. I 1936 var leiarane for desse rørslene fengsla. I 1941 bad ei anna gruppe basert i byen, Shabab al-Amr bil-Maruf wal-Nahian al-Munkar, om ein nahda («renessanse») i landet, og at det skulle opprettast eit parlament med islam som eit apparat for ei jemenittisk gjenoppbygging. Yahya slo i stor grad ned på Shabab og dei fleste leiarane vart avretta eter at sonen hans, Imam Ahmad tok over makta i 1948.[13] Det året vart Sana erstatta av Taiz som hovudstad, etter at Ahmad hadde bygd ny bustad der. Dei fleste departementa følgde etter. Eit par år seinare flytta det meste av den jødiske folkesetnaden i byen til Israel.[14]

Ahmad byrja ein prosess med gradvis økonomisk og politisk liberalisering, men i 1961 var Sana vitne til store demonstrasjonar og opprør som kravde raskare reformar og endringar. Pro-republikanske offiserar i det nordjemenittiske militæret som sympatiserte med regjeringa til Gamal Abdel Nasser i Egypt og panarabisk politikk, utførte eit statskupp der imamat-regjeringa vart styrta i september 1962, ei veke etter Ahmad døydde.[13] Sana vart då igjen hovudstad i landet. [14] Nabolandet Saudi-Arabia var i mot denne utviklinga og støtta aktivt stammene på landsbygda i Nord-Jemen, og sette store delar av landet mot dei urbane, og stort sett pro-republikanske innbyggjarane i Sana.[13] Den nordjemenittiske borgarkrigen førte til at delar av gamlebyen vart øydelagd og dette heldt fram til 1968 då det vart skriven ein avtale mellom republikanarane og rojalistane,[14] og det vart oppretta eit presidentsystem. Uroa i Sana fortsette på grunn av fleire kupp og politiske attentant, fram til situasjonen i landet stabiliserte seg seint i 1970-åra.[13]

Den britiske forfattaren Jonathan Raban vitja byen i 1970-åra og skildra han som «festningsaktig. Arkitekturen og planløysinga minnar om ein labyrint». Borte frå gata var heile byen «ein annan type labyrint, eit tett virvar av teikn og symbol».

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Etter samlinga av Jemen vart Sana utropt til hovudstaden i den nye Republikken Jemen. Her ligg presidentpalasset, parlamentet, høgsteretten og departementa i landet. Den største arbeidsgruppa i byen er statstenestemenn. Mange flytta inn i byen frå landsbygda og Sana'a har vokse langt utafor gamlebyen, men dette har ført til stor belastning på den underutvikla infrastrukturen og kommunale tenestene i byen, særleg vasstilgangen.[13]

I 2004 vart Sana valt til arabisk kulturhovudstad av Den arabiske ligaen. I 2008 stod Saleh-moskeen ferdig, med plass til over 40 000 menneske.

Den 21. mai 2012 vart Sana råka av ein sjølvmordsbombar som tok livet av 120 soldatar.

I seinare år, under Houthi-opprøret, har houthiar teke kontroll over Sana'a. Den 12. juni 2015 leia Saudi-Arabia bombetokt mot dei sjia-muslimske opprørarane og deira allierte i Jemen og øydela historiske bygg i sentrum av hovudstaden. Verdsarvstaden vart påført store øydeleggingar.[15]

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Sana er generelt delt i to delar: Gamle Sana'a-distriktet (al-Qadeemah) og den nye byen (al-Jadid). Gamlebyen er mykje mindre, med gamle bygg og arkiktektur, medan den nye vert stadig utvida med mange forstader og moderne bygg. Den nyare delen av byen vart stort sett utvikal i 1960-åra og frametter, då Sana'a vart hovudstad i republikken.[14]

Bydelane i byen er:

Den nye byen

Sana

Gamlebyen

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sana har ein sjeldan mild versjon av eit ørkenklima (Köppen: BWk).[16] Sana'a får kring 200 mm nedbør i året, men på grunn av høgda er temperaturane langt meir moderate enn i mange andre byar på Den arabiske halvøya. Faktisk er middeltemperaturen nesten konstant året gjennom. Den kaldaste månaden er likevel januar og den varmaste er juli.

Byen har sjeldan ekstrem varme eller kulde, men i somme område av byen kan temperaturen falle til −9 °C til −7 °C om vinteren. Frost oppstår vanlegvis på vintermorgonane, og det er ein lett vindavkjølingseffekt i byen som gjer kalde morningar bitande. Sola varmar opp byen til 15-20 °C midt på dagen, men temperaturen fell raskt så snart sola går ned.

Byen har mange mikroklima frå bydel til bydel fordi dei ligg i forskjellig høgd gjennom byen. Halvparten av nedbøren i Sana'a kjem i juli og august. Nedbørsmengdene kan varierer ein god del frå år til år, og somme år kan ein få 500–600 mm med regn, medan andre berre så vidt kjem opp i 150 mm. Temperaturane har auka noko om sommaren dei siste åra, samstundes som vintertemperaturane har falle.

Klimadata for Sanaa, Jemen
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 30 31 32 32 37 39 41 38 40 34 33 31 41
Normal maks. temp. °C 22.3 24.7 25.6 24.8 25.7 28.2 26.6 25.9 25.1 22.2 20.3 20.5 24 33
Døgnmiddeltemp. °C 12.6 14.1 16.3 16.6 18 19.3 20 19.6 17.8 15 12.9 12.4 16 22
Normal min. temp. °C 3 3.6 7 8.5 10.4 10.5 13.4 13.3 10.6 7.9 5.5 4.4 3
Kulderekord °C -4 -1 1 4 1 9 5 0 3 1 -1 -2 -4
Nedbør (mm) 5 5 17 48 29 6 50 77 13 2 8 5
relativ fukt 39.3 35.8 38.5 41.1 36 27.2 40.1 45.5 29.9 29 38.1 37.7 36,5
Normale daglege solskinstimar 8 8 8 9 9 8 6 7 8 9 9 8 97
Kjelde nr. 1: Climate-Data.org (høgd: 2259m),[16] Weather2Travel (rainy dagar, sunshine)[17]
Kjelde nr. 2: Climatebase.ru (fukt),[18] Voodoo Skies (records)[19]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Sana
verdsarv
none
Verdsarvstad
Namn Gamlebyen i Sana'a
År 1986 (#10)
Nummer 385
Region Arabia
Kriterium Historisk, kulturelt
IUCN-kategori IV, V, VI
Wikimedia Commons: Sana'a

Gamlebyen[endre | endre wikiteksten]

Sana'a i Jemen

Den gamle festningsbyen har vore busett i meir enn 2500 år og mange av dei gamle bygga står framleis. Han vart innskriven på verdsarvlista til Dei sameinte nasjonane i 1986. Det er gjort tiltak for å bevare somme av dei eldste bygningane, som Samsarh og Den store moskeen i Sana, som er meir enn 1400 år gamle. Gamlebyen er omringa av gamle leirsteinsmurar som er 9-14 meter høge. Det finst meir enn 100 moskear i gamlebyen, 12 offentlege bad og 6 500 hus. Mange av husa liknar gamle skyskraparar, og er mange etasjar høge med flate tak. Dei er dekorerte med utførlege friser og intrikate utskjeringar i vindauskarmane og vindauge med farga glas.

Ein av dei mest populære attraksjonane er Suq al-Milh (Saltmarknaden), der det er mogeleg å kjøpe salt i tillegg til brød, krydder, rosiner, bomull, kopar, keramikk, sølvvare og antikvitetar. Jami' al-Kabir (Den store moskeen) er ein av dei eldste moskeane i verda. Bāb al-Yaman (Jemenporten) er ein byport som er eit ikon for byen og er meir enn tusen år gammal.

Al Madina er eit handelsområde i byen som er under raskt utvikling. I tillegg til tre store hotell, finst her mange butikkar og restaurantar. Her ligg òg tre parkar og presidentpalasset.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotball er den mest populære idretten i Sana. Ali Muhesen stadion ligg i byen og er heimebanen til det jemenittiske landslaget i fotball. Stadionet har kapasitet til 25 000 tilskodarar.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folk i Sana.
Ein marknad Sana.
År Folketal
1911 18 000[20]
1921 25 000[21]
1931 25 000
1940 80 000
1963 100 000
1965 110 000
1975 134 600[22]
1981 280 000
1986 427 505
1994 954 448
2001 1 590 624
2004 1 748 000 (folketeljing[23])
2005 1 937 451[11]

Folketalet starta å auke kraftig i 1950-åra då mange flytta inn til byen frå landsbygda på leit etter arbeid og betre levevilkår.[14] Sana'a er den raskast veksande hovudstaden i verda med ein vekstrate på 7 %,[24] medan vekstraten for heile landet er 3,2 %.[25] Kring 10 % av innbyggjarane bur i Gamlebyen.[14]

Det har vore jødar i Jemen sidan 400-talet fvt. I Sana budde jødane først i eit eige citadell kalla al-Qaṣr, nær ruinane av eit gammalt tårn kalla Ghumdan-palasset. Dei vart kasta ut her frå på 500-talet og dei flytta til ein annan del av byen kalla al-Marbaki. Dei vart flytta rundt fleire gonger og slo seg til slutt ned i det jødiske kvarteret al-Qāʻ (no Qāʻ al-ʻUlufi) på 1600-talet. Her heldt dei til fram til dei fleste flytta til Israel på misten av 1900-talet.[26]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Historisk sett hadde Sana ein gruveindustri. I fjella kring byen vart det utvunne onyx, kalsedon og karneol.[27] Byen var kjend for metallarbeidet sitt, som britane skildra som «kjend» tidleg på 1900-talet.[28]

40 % av jobbane i Sana er innan offentleg sektor. Andre næringar er handel og industri. Som mange andre byar i utviklingsland har Sana ein stor uformell sektor som er estimert til å utgjere 32 % av dei arbeidstilsette som ikkje arbeidar i staten. Det er likevel større variasjon i jobbane i Sana amanlikna med andre byar i Jemen, men òg større fattigdom og arbeidsløyse. Det er estimert at arbeidsløysa i Sana'a er 25 %.[29]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Den 1 000 år gamle Bab Al-Jemen (Jemenporten) i sentrum av gamlebyen.

Jemenia, det nasjonale flyselskapet i Jemen, har hovudkvarteret sitt i Sana.[30] Sana internasjonale lufthamn er den viktigaste flyplassen i Jemen. Det er for tida ikkje noko jernbanenettverk, men det er planar om å opprette dette i framtida. Dababar er minibussar som kan ta opp til 10 passasjerar og er eit av dei viktgaste framkomstmidla i byen. Taxiar er òg vanlege og det går bussar til andre byar som Aden og Taiz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jemen's embattled president declares southern base temporary capital, 26. mai 2016, http://www.dpa-international.com/news/international/yemens-embattled-president-declares-southern-base-temporary-capital-a-44650685-img-2.html, henta 26. mai 2016 
  2. Jemen's President Hadi declares new 'temporary capital', 26. mai 2016, http://www.dw.de/yemens-president-hadi-declares-new-temporary-capital/a-18332197, henta 26. mai 2016 
  3. Young, T. Luke. «Conservation of the Old Walled City of Sana'a Republic of Jemen». MIT. http://web.mit.edu/akpia/www/AKPsite/4.239/sanaa/yemen.html. 
  4. Anna Hestler; Jo-Ann Spilling (1. januar 2010). Jemen. Marshall Cavendish. s. 16. ISBN 978-0-7614-4850-1. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/books?id=JNJiTaTaEocC&pg=PA16. Henta 23. november 2010. 
  5. Al-Hamdāni, al-Ḥasan ibn Aḥmad, The Antiquities of Sør-Arabia - The Eighth Book of Al-Iklīl, Oxford University Press 1938, s. 8-9
  6. Minaret Building and Apprenticeship in Yemen, Trevor Marchand, Routledge (April 27, 2001), p.1.
  7. 7,0 7,1 Aithe, p.30.
  8. 8,0 8,1 "Sana" in the Encyclopædia Britannica, 11th ed. 1911.
  9. 9,0 9,1 McLaughlin, p.16.
  10. Elsheshtawy, p.92.
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 Bosworth, p.463.
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Dumper, p.330.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 Dumper, p.331.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 Ring and Salkin, p.631.
  15. Gubash, Charlene; Smith, Alexander (12. juni 2015), UNESCO Condemns Saudi-Led Airstrike on Jemen's Sanaa Old City, http://www.nbcnews.com/news/world/unseco-condemns-suspected-saudi-led-airstrike-yemens-sanaa-old-city-n374216, henta 12. juni 2015 
  16. 16,0 16,1 «Climate: Sanaa - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. http://en.climate-data.org/location/3171/. Henta 26. mai 2016. 
  17. «Sana Climate and Weather Averages, Jemen». Weather2Travel. http://www.weather2travel.com/climate-guides/yemen/sana.php. Henta 26. mai 2016. 
  18. «Sanaa, Jemen». Climatebase.ru. http://climatebase.ru/station/41404/?lang=en. Henta 26. mai 2016. 
  19. «Sanaa, Jemen». Voodoo Skies. http://voodooskies.com/weather/yemen/sanaa. Henta 26. mai 2016. 
  20. Wavell, p.245.
  21. Statesman's Year Book, 1922, p.1367.
  22. Hestler, p.56.
  23. Aldosari, p.134.
  24. «Sana'a running out of water with no plan to save it». The Global Urbanist. http://globalurbanist.com/2010/03/23/sanaa-running-out-of-water-with-no-plan-to-save-it. Henta 1. juni 2016. 
  25. «At a glance: Jemen – Statistics». UNICEF. http://www.unicef.org/infobycountry/yemen_statistics.html. 
  26. Yosef Tobi (ed.), Studies in ‘Megillat Teman’ by Yiḥyah Salaḥ, The Magnes Press: Hebrew University, Jerusalem 1986, s. 67
  27. Prothero, G.W.. Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 98. Arkivert frå originalen.. http://www.wdl.org/en/item/11767/view/1/98/. 
  28. Prothero, G.W.. Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 99. Arkivert frå originalen.. http://www.wdl.org/en/item/11767/view/1/99/. 
  29. «Sana'a, A City Development Strategy». The Cities Alliance. 2006. 
  30. Jemenia. Arab Air Carriers Organization. Henta 30. mai 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sana