San Diego

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Diego, fotomontasje
Til venstre kart som viser San Diego si plassering i Califorina, til høgre kart som viser San Diego si utbreiing i San Diego County

San Diego er, med sine 1 307 402 ibuarar, den åttande største byen i USA og den nest største i delstaten California. Byen ligg ved Stillehavskysten i det sørvestlege hjørnet av USA, heilt inntil den meksikanske grensa. San Diego er kjend for sitt milde klima og si tilknyting til den USA-amerikanske marinen. Mange av marinebåtane til USA har San Diego som sin base.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt San Diego har vore busett i meir enn 10 000 år av kumeyaay-folket. Dei første europearane i området var portugisarar under leiing av Juan Rodríguez Cabrillo. I 1542 gjorde han krav på området for Portugal og gav det namnet «San Miguel». Seksti år seinare, i 1602, sigla Sebastián Vizcaíno med sitt flaggskip «San Diego» langsmed kysten av California for å kartlegge området. Han gav området som no er Mission Bay namn etter den katolske Sankt Didacus av Alcalá, betre kjend frå spansk som San Diego de Alacá.

Mexico frigjorde seg frå Spania i 1821, og San Diego vart del av den tidlegare meksikanske staten 'Alta California'. Etter den den meksikansk-amerikanske krigen 1846–48 vart området ein del av USA.

San Diego er i stor grad prega av meksikansk kultur.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Langs kysten nord for midtbyen i San Diego ligg stader/bydelar som Ocean Beach, Misson Beach, Pacific Beach og La Jolla. Dette var populære ferieområde og er i dag av dei meir luksuriøse bydelane i San Diego. 'University of California, San Diego' (UCSD) ligg i La Jolla.

Klima[endre | endre wikiteksten]

San Diego har ei mildt klima, med ein turr og mild vinter. I gjennomsnitt har byen 201 dagar i året med temperatur over 21 °C, årsnedbøren ligg på omkring 230–330 mm.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

San Diego er kjend for sin store dyrepark, 'San Diego Zoo', og sitt akvarium, 'Sea World'. Hangarskipet USS «Midway» er omgjort til museum og ligg i hamn i San Diego.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]