San Francisco av Tor Endresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«San Fransisco»
Song av Tor Endresen
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1997
Innspelt Ambience og Stua Studios, Oslo/ Romerike, 1997
Sjanger Pop
Lengd 03:02
Selskap Manus/Arcade Publishing Norway[1]
Låtskrivar(ar) Tor Endresen og Arne Myksvoll

«San Francisco» er ein norsk popsong som vann Melodi Grand Prix 1997, og som så var det norske bidraget til Eurovision Song Contest same år. Der enda songen på delt sisteplass med 0 poeng. Songen var skriven av Tor Endresen og Arne Myksvoll, og vart framført av Tor Endresen.

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

«San Francisco» var eit av åtte bidrag som vart plukka ut til å delta i Melodi Grand Prix på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 8. februar 1997. I finalen var «San Francisco» det sjuande bidraget ut på scena, og låten vann både jury- og telefonavrøystinga. Dette var fyrste gong ein Melodi Grand Prix-vinnar vart kåra av telefonrøyster under sjølve sendinga.

«San Francisco» var det åttande bidraget til Tor Endresen i Melodi Grand Prix, og den var første og til no einaste sigeren til Endresen i tevlinga. Sigeren gjorde at Endresen fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 1997 i Dublin i Irland 3. mai.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I Dublin var «San Francisco» det tredje bidraget på scena – etter Tyrkia, og før Austerrike. I avrøystinga kom Noreg på delt 24. og sisteplass saman med Portugal, og begge bidraga fekk ikkje eit einaste poeng. Dette var den åttande sisteplassen til Noreg og fjerde gongen Noreg fekk null poeng i Eurovision Song Contest til då.[2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«San Francisco» er ein poplåt som skildrar San Francisco under hippietida, med referansar til artistar som Jimi Hendrix og John Lennon, og til songtitlar som «California Dreamin'» og «Blowin' in the Wind».[3]

«San Francisco» vart spela inn som CD-singel, men denne var berre for promotering og vart aldri gjeven ut for sal. Songen var likevel med på plata til Endresen De aller beste, som vart gjeven ut i 1997.[4][5] «San Francisco» låg på Norsktoppen i seks veker våren 1997, med ein sjetteplass som beste notering.[6]

Ein sterkt omarbeidd versjon av songen vart òg utgjeven på singel av gruppa Penthouse Playboys. Dei deltok òg i den norske finalen i 1997 og vart nummer fire. Deira versjon vart gjeven ut før den internasjonale finalen i 1997, og frontfiguren til gruppa Jens Pikenes forklarte utgjevinga med følgjande: «Både låten og arrangementet trengte hjelp fra profesjonelt hold. Som gode patrioter ønsker vi at nasjonens utsendte skal nå så høyt som mulig i Dublin, og har laget en versjon som Tor kan la seg inspirere av. Han bør se dette som en sjenerøst gest fra gode kolleger.» Heller ikkje denne versjonen kom inn på VG-lista.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tor Endresen – San Francisco». Rockipedia. Arkivert frå originalen 5. januar 2017. Henta 4. januar 2017. «På platen: Kun promo, ikke for salg» 
  2. «Eurovision Song Contest 1997». European Broadcasting Union. Henta 29. august 2016. 
  3. «San Francisco – lyrics». diggiloo.net. Henta 29. august 2016. 
  4. «Tor Endresen – San Francisco». Rockipedia. Arkivert frå originalen 5. januar 2017. Henta 4. januar 2017. 
  5. «Tor Endresen – De aller beste». Discogs. Henta 4. januar 2017. 
  6. «Norsktoppen-lister 1997–1998». Den musikalske verden. Henta 4. januar 2017. 
  7. «Penthouse Playboys – San Francisco». Penthouse Playboys offisiell hjemmeside. Arkivert frå originalen 4. januar 2017. Henta 4. januar 2017.