San José i Costa Rica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San José
San Jose Costa Rica 2.jpg
Flagget til San José i Costa Rica Byvåpenet til San José i Costa Rica
Flagget til San José i Costa Rica Byvåpenet til San José i Costa Rica

Kallenamn
«Chepe»
Styresmakter
Land
Provins
Kanton
Costa Rica
San José provins
San José kanton
Grunnlagd 1738
Geografi
Flatevidd
 - By

44,62 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

342 977
  7 686/km²
Koordinatar 9°56′0″N 84°6′55″WKoordinatar: 9°56′0″N 84°6′55″W
Høgd over havet 1 161 m
Tidssone CST (UTC-6)
Diverse anna
Heimeside: www.msj.co.cr
Plassering
Cs-map.gif

San José er hovudstaden og største by i det latinamerikanske landet Costa Rica. Byen er òg hovudstad i provinsen San José. I 2005 hadde byen 341 000 innbyggere, medan hovudstadsprovinsen til saman hadde 2 115 000. San José ligg 1 170 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Inntil 1824 var San José berre ein liten landsby. Dette året, då den første valde regjeringa i Costa Rica vart vald, bestemte Juan Mora Fernández at hovudstaden skulle flyttat ut av den tidlegare spanske kolonibyen Cartago og byrje på ein ny start for landet. Den nye hovudstaden voks fort, mykje grunna stor optimisme i Costa Rica og Latin-Amerika generelt.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

San José er inndelt i elleve bydelar:

  1. El Carmen
  2. Merced
  3. Hospital
  4. Catedral
  5. Zapote
  6. San Francisco de Dos Ríos
  7. La Uruca
  8. Mata Redonda
  9. Pavas
  10. Hatillo
  11. San Sebastián

Viktige institusjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Universidad de Costa Rica, som er det første universitetet i Costa Rica, vart grunnlagd i San José i 1843 under namnet «Universidad de Santo Tomás», «Sankt Tomas Universitetet».
  • San José er vert for hovudkvarteret til den interamerikanske domstolen for menneskeretter.
  • 23 km vest for sentrum, ligg flyplassen til byen, Juan Stantamaría internasjonale flyplass, like ved Alajuela.
  • Costa Rica sin nasjonalbank ligg i San José, som er mykje høgare enn nærliggande bygningar.

Viktige attraksjoner[endre | endre wikiteksten]

Teatro Nacional de Costa Rica, Costa Rica sitt nasjonalteater
  • La Sabana Metropolitan Park
  • Avenida Central - gågata i byen og det viktigaste handel- og næringsområdet
  • Plaza de la Cultura
  • Melico Salazar
  • Museo Del Oro - «Gullmuseumet»
  • Lankester Jardines Botánicos - Botanisk hage
  • del Rey - hotell og kasino
  • Teatro Nacional de Costa Rica - Nasjonalteateret

Klima[endre | endre wikiteksten]

Temperaturen i San José-provinsen ligg på mellom 18 °C og 26 °C. Regntida varar frå april til november.