Hopp til innhald

San Marino i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Marino

(2012–i dag)
OffisieltSan Marino

Radiotelevisione della Repubblica di San Marino
Uttakingar
Nasjonalt3
Internt10
Deltaking
Debutår2008
Deltakingar13
Beste resultat
Semifinalen8 (2019)
Finalen19 (2019)
Verste resultat
SemifinalenSist (2008, 2017 og 2023)
Finalen24 (2014)
Poeng
Semifinalane583
Finalane141
Totalt724

San Marino debuterte i Eurovision Song Contest i 2008 og har delteke tretten gongar. I debutåret kom San Marino på sisteplass i sin semifinale som, saman med sisteplassen i 2017 og 2023, er den dårlegaste plasseringa til landet i Eurovision Song Contest. På tretten forsøk har San Marino berre kvalifisert seg til finalen tre gongar: i 2014, 2019 og sist i 2021. Den beste plasseringa til San Marino er 19.-plassen frå 2019.

I juni 2007 kunngjorde den sanmarinske kringkastaren SMRTV dei ønskte å deltake i Eurovision Song Contest i nær framtid. Fem månader seinare bekrefta kanalen at San Marino skulle delta i Eurovision Song Contest 2008. Deira fyrste bidrag, «Complice» av gruppa Miodio, havna på sisteplass i den fyrste semifinalen med berre fem poeng.

Etter mykje fram og tilbake valde SMRTV å trekkje seg frå tevlinga i 2009 og 2010. Årsaka var ifylgje kringkastaren ein vanskeleg økonomisk situasjon i selskapet.[1]

I 2011 var San Marino tilbake igjen og har delteke kvart år sidan. Den sanmarinske songaren Valentina Monetta deltok tre år på rad og lykkast å få San Marino til finalen på hennar tredje forsøk, 2014. Fram til 2019 var dette den einaste gongen San Marino har delteke i ein Eurovision Song Contest-finale. Monetta var også den fyrste sidan den austerrikske songaren Udo Jürgens i 1966 til å deltake i Eurovision Song Contest tre år i strekk.

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
2008Miodio«Complice»ItalienskIkkje kvalifisert519
2011Senit«Stand By»Engelsk3416
2012Valentina Monetta«The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)»Engelsk3114
2013Valentina Monetta«Crisalide (Vola)»Italiensk4711
2014Valentina Monetta«Maybe»Engelsk14244010
2015Michele Perniola og Anita Simoncini«Chain of Lights»EngelskIkkje kvalifisert1116
2016Serhat«I Didn't Know»Engelsk6812
2017Valentina Monetta og Jimmie Wilson«Spirit of the Night»Engelsk118
2018Jessika med Jenifer Brening«Who We Are»Engelsk2817
2019Serhat«Say Na Na Na»Engelsk77191508
2020Senhit«Freaky!»EngelskTevling avlyst
2021Senhit med Flo Rida«Adrenalina»Engelsk50221189
2022Achille Lauro«Stripper»Italiensk og engelskIkkje kvalifisert5014
2023Piqued Jacks«Like an Animal»Engelsk160

Røystehistorikk

[endre | endre wikiteksten]

San Marino har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Italia118
02 Hellas82
03 Russland50
04 Aserbajdsjan49
05 Sverige48
Ukraina
San Marino har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Albania18
02 Georgia17
03 Aserbajdsjan16
04 Hellas13
05 Polen12

Semifinalane (2008-2021)

[endre | endre wikiteksten]

San Marino har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Hellas76
02 Nederland54
03 Moldova46
04 Noreg44
05 Malta43
San Marino har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Albania41
02 Malta38
03 Hellas33
04 Aserbajdsjan31
Montenegro

Kringkasting, kommentatorar og poengutdelarar

[endre | endre wikiteksten]
ÅrKommentator(ar)Poengutdelar(ar)
SMtv San MarinoRadio San MarinoSMtv Web TVSMtv San Marino
2008Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa)Ingen kommentatorRoberto Moretti
Inga kringkasting frå 2009 til 2010
2011Lia Fiorio (italiensk, alle showa)Ingen kommentatorIngen kommentatorNicola Della Valle
2012Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa)Monica Fabbri
2013Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa)John Kennedy O'Connor
2014John Kennedy O'Connor og Jamarie Milkovic (engelsk, alle showa)Michele Perniola
2015TBATBATBAValentina Monetta

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Viniker, Barry (18. desember 2008). «San Marino leaves Eurovision Song Contest». ESCToday. Henta 20. desember 2016.