Hopp til innhald

San Marino i Eurovision Song Contest 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 2008
Land San Marino
Nasjonal uttaking
Uttaking Intern
Dato(ar) 11. mars 2008
Artist(ar) Miodio
Song «Complice»
Språk Italiensk
Låtskrivar(ar) Francesco Sancisi og Nicola Della Valle
Resultat
Semifinalepoeng 5
Semifinaleplass 19
Finalepoeng X
Finaleplass X

San Marino debuterte i Eurovision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia med songen «Complice», framført på italiensk av Miodio. I november 2007 vart det offisielt stadfesta av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV) at San Marino ville delta i Eurovision Song Contest.

Pop-rockgruppa Miodio representerte landet med den italienskspråklege songen «Complice». Debuten var ikkje særleg suksessfull og San Marino enda sist i den fyrste semifinalen med berre fem poeng.

Etter debuten trekte landet seg frå tevlinga i 2009 og kom ikkje attende før i 2011 på grunn av finansielle problem.

SMRTV annonserte i november 2007 at San Marino ville delta i Eurovision Song Contest for fyrste gong i 2008 for the first time in 2008.[1][2] Halvparten av aksjene i SMRTV tilhøyrde den italienske kringkastaren Radiotelevisione Italiana (RAI) som trekte seg frå tevlinga i 1997. SMRTV annonserte uansett offisielt sin deltaking i november 2007.[3][4]

Som kringkastar for tevlinga var det SMRTV som måtte velje ut kva for bidrag som skulle representere San Marino.[5] SMRTV valde å halde ein internt uttaking.[6]

Ein jury, leia av songaren Little Tony, var vald ut til å velje ut bidraget mellom songane som vart send inn av dei som var interessert i å delta. Siste frist for å levere inn songar var 25. februar 2008.[6][7][8] Då tidsfrista gjekk ut var det sendt inn 50 songar frå heile Europa.[9][10] Mange italienske songarar ynskte å representere San Marino, inkludert Jalisse som representerte Italia i 1997.[11][12] Fleire som sendte inn bidrag til SMRTV var mellom anna Massimo Bertacci og Michele Imberti.[13][14][15] «If You Never Back» av Elnur Hüseynov som var eit av bidraga i den aserbajdsjanske uttakinga og «We Are One» av Alexa som var eit av bidraga i den moldoviske uttakinga vart òg sendt inn til SMRTV.[9]

11. mars 2008 valde juryen den italiensk-sanmarinske gruppa Miodio til å vere dei fyrste til å representere San Marino i Eurovision Song Contest. Songen deira, «Complice», vart framført på italiensk.[10][16][17][18] Miodio var sett saman av vokalisten Nicola Della Valle, gitaristen Paolo Macina, bassisten Andrea Marco Pollice, keyboardisten Francesco Sancisi og trommeslagaren Alessandro Gobbi.

I Eurovision

[endre | endre wikiteksten]

Sidan berre dei fire store og vertslandet var direktekvalifisert til finalen måtte San Marino kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. 28 januar 2008 vart det stadfesta av San Marino ville delta i den fyrste semifinalen 20. maii 2008.[19] Sjølv om landet berre deltok i den fyrste semifinalen annonserte SMRTV at dei ville kringkaste båe semifinalane. Sidan SMRTV vert kringkasta i delar av Italia kunne ein for fyrste gong på fleire år sjå Eurovision Song Contest i Italia.[20]

Semifinalen

[endre | endre wikiteksten]
Miodio i semifinalen.

Miodio starta som nummer fem i den fyrste semifinalen 20. mai 2008. Gruppa nytta svarte klede på scena, men kvart medlem hadde ulik stil.[21][22] Designaren og dansaren Aniko Pusztai var med gruppa på scena. SMRTV sa at dei trudde koreografien var ein like viktig del av framføringa som sjølve songen.[23] Bakgrunnen på den store fjernsynsskjerma på scena var ein bylgja lyseblå farge.[21]

Framføringa til Miodio inspirerte ikkje publikum og San Marino fekk berre fem poeng: to poeng frå Andorra og tre poeng frå Hellas. San Marino enda dimed sist av totalt 19 bidrag.[21] Kvart land kunne gje maks tolv poeng til ein song, og berre dei ti beste landa gjekk vidare til finalen. Sidan San Marino enda sist i semifinalen gjekk landet ikkje vidare til finalen og vart òg det åttande landet som enda sist same år som det debuterte.[24]

Poeng frå San Marino
12 poeng Hellas
10 poeng Polen
8 poeng Armenia
7 poeng Noreg
6 poeng Romania
5 poeng Moldova
4 poeng Finland
3 poeng Nederland
2 poeng Israel
1 poeng Montenegro

Poeng til San Marino
12 poeng
10 poeng
8 poeng
7 poeng
6 poeng
5 poeng
4 poeng
3 poeng Hellas
2 poeng Andorra
1 poeng

Poeng frå San Marino
12 poeng Hellas
10 poeng Israel
8 poeng Armenia
7 poeng Noreg
6 poeng Storbritannia
5 poeng Portugal
4 poeng Tyrkia
3 poeng Albania
2 poeng Danmark
1 poeng Romania

Etter Eurovision

[endre | endre wikiteksten]

Etter at landet enda sist i Eurovision Song Contest 2008 deltok Miodio på Golden Stag Festival i Romania samt på Pjesma Mediterana i Montenegro.[25][26][27] Dei drog òg på ein turné i Italia, San Marino og Moldova om sommaren.[28] I 2009 deltok gruppa i Internettdelen av Festival della Canzone Italiana di Sanremo, der dei enda mellom dei ti beste med songen «Evoluzione genetica».[29] I 2010 deltok dei att i della Canzone Italiana di Sanremo i kategorien Nuova generazione med songen «Perdo contatto».[30]

I mai 2008 vart det annonsert at vinnarturnéen ville slutte i San Marino etter å ha reist rundt i Europa.[31] Under turnéen sa den sanmarinske ungdomsministeren at San Marino hadde «eit godt håp om å returnere» i 2009.[32][33] Fleire songarar annonserte at dei ville representere San Marino, inkludert Little Tony.[34][35]

Det gjekk rykte om at SMRTV ville trekkje seg tevlinga i 2009 på grunn av den dårlege plasseringa i 2008, men SMRTV stadfesta at dei var interessert i å delta.[36][37] SMRTV måtte uansett trekkje seg på grunn av økonomiske problem.[38][39] SMRTV deltok heller ikkje i 2010 av di ingen ville sponse deltakinga. Dette skjedde etter at SMRTV hadde vald den italienske duoen Paola & Chiara til å representere San Marino.[40] San Marino kom attende til Eurovision Song Contest i 2011.

  1. «San Marino planning 2008 entry» (på engelsk). ESCToday. 11. november 2007. Henta 4. januar 2013. 
  2. «San Marino broadcaster interested in Eurovision». Oikotimesspråk=engelsk. 23. juni 2007. 
  3. «Exclusive: San Marino in Belgrade confirmed» (på engelsk). ESCToday. 21. november 2007. Henta 4. januar 2013. 
  4. «San Marino joins Eurovision; what about Italy?» (på engelsk). Oikotimes. 21. november 2007. 
  5. «History by Country: San Marino» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 4. januar 2013. 
  6. 6,0 6,1 «San Marino calls for songs - ends today!» (på engelsk). ESCToday. 25. februar 2008. Henta 4. februar 2013. 
  7. «Eurofestival: Little Tony presidente della giuria per la selezione del cantante» (på italiensk). Radiotelevisione della Repubblica di San Marino. 12. februar 2008. 
  8. «La Repubblica di San Marino per la prima volta all’Eurofestival» (på italiensk). Radiotelevisione della Repubblica di San Marino. 12. februar 2008. Henta 4. januar 2013. 
  9. 9,0 9,1 «San Marino: More about Miodio» (på engelsk). ESCToday. 11. mars 2008. Henta 4. januar 2013. 
  10. 10,0 10,1 «Eurofestival, saranno i Miodio a rappresentare San Marino a Belgrado» (på italiensk). Radiotelevisione della Repubblica di San Marino. 11. mars 2008. Henta 4. januar 2013. 
  11. «San Marino: Listen to Jalisse’s bid for Eurovision» (på engelsk). ESCToday. 29. februar 2008. Henta 4. januar 2013. 
  12. «Italian artists to submit songs to the micro-nation» (på engelsk). Oikotimes. 26. februar 2008. Henta 4. januar 2013. 
  13. «San Marino: Listen to Massimo Bertacci's bid for Eurovision» (på engelsk). ESCToday. 3. mars 2008. Henta 4. januar 2013. 
  14. «San Marino: Michele Imberti's bid for Eurovision». ESCToday. 6. mars 2008. Henta 28. september 2008. 
  15. «Michele Imberti bids for Eurovision» (på engelsk). Oikotimes. 7. mars 2008. Henta 4. januar 2013. 
  16. «Exclusive: San Marino chooses song 11th March» (på engelsk). ESCToday. 6. mars 2008. Henta 4. januar 2013. 
  17. «San Marino: Miodio for debut Nation» (på engelsk). ESCToday. 11. mars 2008. 
  18. «Exclusive: Mi Odio represents San Marino!» (på engelsk). Eurovision.tv. 11. mars 2008. Henta 4. januar 2013. 
  19. «The Eurovision Song Contest semi final draw». ESCToday. 28. januar 2008. Henta 25. september 2008. 
  20. «San Marino TV to air both semifinals» (på engelsk). Oikotimes. 17. februar 2008. Henta 4. januar 2013. 
  21. 21,0 21,1 21,2 Eurovision Song Contest Semi-final 1, May 20, 2008, San Marino RTV.
  22. «Eurovision 2008: The first Eurovision dress rehearsal» (på engelsk). ESCToday. 19. mai 2008. Henta 4. januar 2013. 
  23. «Eurofestival a Belgrado: i Miodio sul palco con una ballerina della Scala» (på engelsk). Radiotelevisione della Repubblica di San Marino. 13. mai 2008. Henta 4. januar 2013. 
  24. «Voting analysis (1): the first semi final» (på engelsk). ESCToday. 25. mai 2008. Henta 4. januar 2013. 
  25. «Golden Stag final» (på engelsk). ESCToday. 6. september 2008. Henta 4. januar 2013. 
  26. «Miodio one week live in Romania» (på engelsk). Oikotimes. 25. august 2008. Henta 4. januar 2013. 
  27. «Boaz Mauda, Tamara and Miodio in Budva festival» (på engelsk). ESCToday. 24. juni 2008. Henta 28. september 2008. 
  28. «Miodio tour in San Marino, Italy and Moldova» (på engelsk). Oikotimes. 8. juni 2008. Henta 4. januar 2013. 
  29. «San Marino: Miodio in Sanremo compilation» (på engelsk). ESCToday. 20. april 2009. Henta 4. januar 2013. 
  30. «More Eurostars contend for places in San Remo». ESCToday. 23. desember 2009. Henta 4. januar 2013. 
  31. «Eurovision 2008: Winner's Tour to Ireland and San Marino» (på engelsk). ESCToday. 12. mai 2008. Henta 4. januar 2013. 
  32. «San Marino: "We have good hopes to return"» (på engelsk). ESCToday. 10. juni 2008. Henta 4. januar 2013. 
  33. «State television hopes to participate in 2009 as well» (på engelsk). Oikotimes. 10. juni 2008. 
  34. «Little Tony wants to be representative in Russia» (på engelsk). Oikotimes. 8. juni 2008. Henta 4. januar 2013. 
  35. «San Marino: Little Tony wants to go to Russia» (på engelsk). ESCToday. 6. juni 2008. 
  36. «San Marino & Monaco out?» (på engelsk). Oikotimes. 27. november 2008. Henta 4. januar 2013. 
  37. «San Marino not quitting after poor start» (på engelsk). ESCToday. 8. desember 2008. 
  38. «San Marino not quitting Eurovision!» (på engelsk). ESCToday. 8. desember 2008. Henta 4. januar 2013. 
  39. «San Marino leaves Eurovision Song Contest» (på engelsk). ESCToday. 18. desember 2008. 
  40. Floras, Stella (15. desember 2009). «No San Marino either for Eurovision 2010». ESCToday. Henta 4. august 2010.