San Pablo-klosteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
San Pablo-klosteret

San Pablo-klosteret i verdsminnebyen Cuenca i Spania, om lag 130 kilometer søraaust for Madrid er eit gamalt kloster som har fått namn etter apostelen Paulus. Klosteret er mest kjend som dominikanarkloster, men har i periodar og vorte nytta av av andre ordenar og dessutan av det katolske bispedømet.

Byggmassen er sett saman av ei kyrkje bygd i gotisk stil, eit kloster i gotisk stil med renessansedekorasjonar, og fleire andre bygg som har vokse saman. Kyrkja og klosteret er opphavleg frå 1500-talet, medan resten av bygga er nyare. Dei ligg samla på ein liten boge eller odde, på spansk kjend som Huecino, på ei høgd ovanfor den vesle elva Huecar. Huecar er ei av dei to elvane som fysisk avgrensar det høgdedraget som gamlebyen i Cuenca ligg på. I 1993 vart det sett i stand til firestjerners hotell i Paradores-selskapet [1] for hotell i gamle borgar/slott og andre historiske praktbygg. Byggmassen har ei variert brukshistorie, ikkje berre som kyrkje og kloster, men og som konsertsal for religiøs musikk, seminar i periodar, og dessutan ei tid som barnehage.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Korte drag av bygningshistoria og brukshistoria[2][endre | endre wikiteksten]

"Grunnleggjaren" av anlegget var den geistlege Juan del Pozo som sikra kyrkjeleg eigedomsrett til arealet i 1523. Tidlegare var delar av arealet ein frukthage. Under oppføringa oppstod det konfliktar mellom grunnleggjaren og dei to meisterarktitektane Juan og Pedro de Alviz. Byggmaterialet vart for det meste henta frå regionen. Det gjeld mellom anna det rike treverket i spisesalen. Oppføringa av kyrkje og klosterbygga tok 15 år, og vart fullført i 1538. Då vart bygga vigsla av biskopen av Coria, Francisco de Mendoza Y Bobadilla, som sjølv var son av ein adeleg og fødd i Cuenca. Få år seinare vart det bygd ei steinbru frå San Pablo-klosteret over Huecar-elveravina, til det som no er kjend som gamlebyen i Cuenca. Nokre av pillarane er framleis synlege, men brua vart nybygd som jarnbru. Ho vart kyrkjeleg signa og opna i 1903.

I 1836 måtte dominikanarane forlata klosteret, og bispestolen i Cuenca kjøpte byggmassen for å byggja opp eit kyrkjeleg seminar for bispedømestudie, som fyrst heitte San Pablo, seinare ein periode San Julian-seminaret. Ved seminaret festa det seg idear som den katolske kyrkja med støtte frå vatikanet, fann uakseptable. Difor laut seminaristane flykta og seminaret vart stengd i januar 1912. Ti år seinare starta restaurering av bygga og ny seminarverksemd.

Like føre Den spanske borgarkrigen (1936-1939) braut ut, ynskte dei spanske nasjonal- og regionalstyresmaktene å kverrsetja bygget for å skipa eit regionalt sanatorium. Biskopen argumenterte mot dette, og hevda at staden var naudsynleg for bispedømet for sprituelle øvingar og mindre seminar. Under krigen var San Pablo ute av drift i nokre månader og vart utsett for plyndring. Om lag på same tida fekk byggmassen nytt bruksområde, og vart barnehage for til saman 500 ungar og tilsette. Kort tid etter krigen vart bygga tekne i kyrkjeleg bruk att, og tidleg på 1960-talet vart nokre utbetringar gjennomførde slik at seminaret på det gamle klosteret kunne hysa 200 seminaristar. Bygga var likevel nedslitne, og murar og tak skala av. I 1973 opphøyrde difor den religiøse bruken av bygga med få unnatak. Eit av dei var giftarmålet til den kjende Cuenca-songaren José Luis Perales i den gamle klosterkyrkja i 1977. Kyrkja har elles vore nytta til ei religiøs musikkveke sidan 1962, og bygga var elles tidvis nytta som spesialundervisningssenter og til fjernsynsserieinnspelingar.

Kommunestyret i Cuenca var opptekne av å auka bruken av bygga, og gav ut ein rapport som vurderte ulike alternativ i 1980. Universitetet i Castilla La Mancha vurderte å byggja opp eit kunstfakultet i klosterbygga, men dette kom det ikkje noko ut av. Hovudgrunnen til det var truleg svært store resteureringskostnader, utrekna til 300 millionar pesetas i 1983.

Klosterbygga vert hotell[endre | endre wikiteksten]

Fyrste gongen planar om å rusta opp klosterbygga til hotell i Paradores de Turismo-gruppa kom opp, var på 1970-talet. I november 1989 skreiv dei kyrkjelege eigarane under på å ei avtale med den spanske staten om at klosterbygga, men ikkje kyrkja, kunne vera hotell i Paradores-gruppa i ein femtiårsperiode med forlengingsklausul. Ombyggingane tok til i desember 1990, med samla kostnader på meir ein milliard pesetas. Hotellet vart opna med pomp og prakt 1. april 1993, med deltaking frå tre spanske ministrar, og hotellet vart signa av biskopen i Cuenca. Hotellet har vorte eit populært reisemål for spanjolar og utlendingar, og det var ei lokal storhending då prins Felipe og hans Letizia hadde si fyrste overnatting på bryllupsreisa si på hotellet i mai 2004.

Hotellet ligg eit minutts gange frå San Pablo-brua over til gamlebyen, som er eit flott skode med lyssetting i myrkret. Frå inngangsdøra kan ein og sjå over til gamlebyen og det mest turistkjende symbolet på Cuenca, dei hengjande husa (Casas Colgadas) frå 13- og 1400-talet på den andre sida av Huecar-elvekløfta. Hotellet har utandørs basseng, god restaurant og bar, eit innebygd klosteruteområde og eit treningsrom. Restauranten har flotte veggdekorasjonar og store dekorative trekonstruksjonar i taket. Baren har restaurerte religiøse takdekorasjonar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Paradores, sjå https://www.parador.es/en Henta 25. desember 2019.
  2. Denne omtala byggjer i all hovudsak på https://cadenaser.com/emisora/2018/04/03/ser_cuenca/1522744348_676988.html Lese 25. desember 2019.
  3. Om Parador Cuenca, sjå nettstaden https://paradoresofspain.com/#!/parador/Cuenca Henta 25. desember 2019.