Sanatorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Midtstuen Sanatorium i Oslo.

Sanatorium (frå latin sanare, ‘lækja’) er ein kuranstalt for folk med tuberkulose, nervøse og andre sjukdomar, der det samstundes blir gitt langvarig medisinsk handsaming.[1] Sanatorium var vanlege frå 1800-talet til byrjinga av 1900-talet. Det er no mest vanleg nytta som namn på tuberkuloseinstitusjoner som ikkje lenger er i bruk som det.

Sanatorium bygde på ideen om at frisk luft, kvile og sunt kosthald kunne hjelpa mot sjukdom. På ei tid då ein ikkje visste kva som forårsaka tuberkulose, og heller ikkje hadde behandling i form av antibiotika, var dette den beste løysinga ein kom fram til. Folk med milde sjukdomstilfelle kunne bli betre etter sanatoriumopphald, medan mange framleis døydde.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første ideen om moderne sanatorium blei truleg fremja av George Bodington, som opna eit sanatorium i Sutton Coldfield i 1836 og publiserte artikkelen «On the Treatment and Cure of Pulmonary Consumption» i 1840.[3] Ideen hans blei forkasta som uraffinert og utan vitskapleg grunnlag i Lancet,[4] og sanatoriet hans blei kort tid etter gjort om til eit asyl. I 1863 opna Hermann Brehmer Brehmersche Heilanstalt für Lungenkranke i Görbersdorf (Sokołowsko) i Silesia (i noverande Polen) for å lækja tuberkuløse. Pasientane levde i høgda med frisk luft og godt kosthald.[5] Deretter blei det bygd ei rekkje sanatorium ulike stader ved kysten og på fjellet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. sanatorium i Store Norske Leksikon(fri lisens)
  2. 2,0 2,1 Frith, John. «History of Tuberculosis. Part 2 – the Sanatoria and the Discoveries of the Tubercle Bacillus». Journal of Military and Veterans' Health. History. Henta May 12, 2017. 
  3. Bodington, George (1840). Dr. Lichfield. 
  4. Keers, Robert (July 1980). «The thorax:Two forgotten pioneers. James Carson and George Bodington». Thorax 35 (7): 483–489. PMC 471318. doi:10.1136/thx.35.7.483. 
  5. McCarthy OR (August 2001). «The key to the sanatoria». J R Soc Med 94 (8): 413–7. PMC 1281640. PMID 11461990. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.