Sancristobalspottefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sancristobalspottefugl

Status i verda: EN Sterkt truga

SancristobalspottefuglFoto: Wikimedia-brukar Benjamint444
Sancristobalspottefugl
Foto: Wikimedia-brukar Benjamint444
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Mimidae
Slekt: Mimus
Art: M. melanotis
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Mimus melanotis
Gould, 1837

Sancristobalspottefugl (Mimus melanotis) er ein spottefugl i den biologiske slekta Mimus som er endemisk til øya San Cristóbal, Galápagosøyane, Ecuador. Han er ein av fire nært nærskylde spottefuglartar som er endemisk til øygruppa.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sancristobalspottefuglar har middels kroppslengd for slekta, 25-26 centimeter, men har mindre masse, gjennomsnittleg 48 og 53 gram for hofuglar og hannfuglar høvesvis.[1] Utsjånaden er ein mellomting mellom artane galapagosspottefugl og espanolaspottefugl,[2] nebbet er merkbart kortare hos sancristobalspottefugl enn begge dei to andre. Fjørdrakta er litt streka gråbrun med ein lys, nær kvit buk. Tygelområdet mellom overkant av nebbrota og auget er iaugefallande svart.

Dei lever spreitt over heile øya, opptar totalt over ca. ein firedel av arealet,[3] her finst dei på nokså opne område, unngår tett skog og kratt. Som dei andre spottefuglane på øygruppa er dei altetarar, men føretrekker leddyr som dei plukkar på bakken.[1]

Storleiken på populasjonen er estimert til 5300 individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sterkt truga, EN.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Cody, M. & Sharpe, C.J. (2017) San Cristobal Mockingbird (Mimus melanotis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2017
  2. Fitter, Julian; Fitter, Daniel; Hosking, David (2016-01-05). Wildlife of the Galápagos: Second Edition. Princeton University Press. ISBN 978-0-691-17042-8. 
  3. Hirschfeld, Erik; Swash, Andy; Still, Robert (2013-04-14). The World's Rarest Birds. Princeton University Press. ISBN 978-0-691-15596-8. 
  4. BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus melanotis. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. mars 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sancristobalspottefugl