Sandø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandø
Sandø ytst i Oslofjorden har flotte sandstrender.
Sandø ytst i Oslofjorden har flotte sandstrender.
Geografi
Norway - Sandø.png
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°04′38″N 10°27′57″EKoordinatar: 59°04′38″N 10°27′57″E

Høgaste punkt 37 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold

Sandø[1] eller Sandøya er ei lita øy i Oslofjorden i Færder kommune i Vestfold.

Sandø ligg heilt søraust i Færder kommune på austsida av sundet Sandøsund. Tvers over sundet ligg staden Krukehavn på Hvasser. I seglskutetida har sjølve sundet mellom øyene Sandø og Hvasser vore staden Sandøsund, og stadnamnet Sandøsund har vorte landfast på Hvasser.

Mot nord ser ein øyane Østre og Vestre Bustein og alle dei andre øyane i skjergarden aust for Tjøme og Nøtterøy. På austsida av Sandø ligg Oslofjorden med utsikt mot øya Store Færder og Tristein.

Delar av busetnaden på Sandø.

Sandø har hatt fast busetnad og fleire små gardsbruk. Frå byrjinga av 1900-talet har eigarane av øya vore busett andre stader og busetnaden har vore fritidseigedomar. Busetjingane er avgrensa til vestsida av øya, mot Sandøsund.

I 1950-åra vart Sandø freda med heimel i lov om naturvern. Frå 2006 er den ikkje-busette delen av Sandø innlemma i Ormø-Færder landskapsvernområde og frå 2013 i den nyoppretta Færder nasjonalpark.

Endemorenen Tjøme-Hvaler-trinnet, òg kalla Tjøme-raet, går over Sandø og er opphavet til øya si fine sandjord og attraktive sandstrender. Fleire stader på øya er det strender med flotte, slipte rullesteiner som isbreen har lagt frå seg for om lag 12 000 år sidan.

Sandøbukta er ei god hamn med stor sandstrand innanfor og eit mykje nytta friområde for småbåtflåten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sandø». Kartverket. Henta 24. januar 2018.