Sanda Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sanda
Lokalt namn: Sandaigh/Abhainn
Sandaforeshore.jpg
Geografi
Sanda Island is located in
Sanda Island ()
Stad Firth of Clyde
Koordinatar 55°17′ N 5°35′ WKoordinatar: 55°17′ N 5°35′ W
Øygruppe Øyane i Firth of Clyde

Areal 1,51 km²

Høgaste punkt 123 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 3 (2009)

Sanda (skotsk-gælisk Sandaigh) er ei lita privateigd øy i Argyll and Bute i Skottland utanfor sørenden av Kintyrehalvøya, nær Southend og Dunaverty Castle.

Ein kan sjå Sanda frå sørenden av Kintyrehalvøya og frå Isle of Arran på klåre dagar. Lokalt på Arran vert ho kalla Spoon Island[1] fordi ho liknar på ei skei (spoon) når ein ser ho frå sør.

I 2001 var Sanda ei av fire skotske øyar med berre ein fastbuande. Etter kvart har øya fått tre innbyggjarar.[2]

Øya har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) og er ein viktig stad for hekkande fuglar og trekkfuglar.[3] Sanda fugleobservatorium var det første fugleobservatoriet på vestkysten av Skottland.

Kapellet og gravplassen på Sanda

Øya er kjend for ruinane av eit kapell bygt av St. Ninian, for dei keltiske krossane og ei heilag kjelde.[4] Det vert sagt at Ninian vart gravlagd her og øya var faktisk underlagt Whithorn priorinnekloster i Galloway fram til reformasjonen. Det vart sagt at grava til Ninian var merkt av ei or og at den som tråkka på ho skulle døy.[5]

Vikingane kalla øya Sandey. Øya har hatt mange forskjellige eigarar opp gjennom åra, mellom anna Jack Bruce frå rockegruppa Cream i 1969.

Sanda fyr, kalla «the Ship»"

Sør på øya står eit fyr frå 1850. Når ein ser øya og fyret frå sør, ser den naturlege bogen og fyret på klippa ut som eit skip, og det vert derfor kalla «The Ship».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Isle of Arran». Internet Guide to Skottland. Henta 8. februar 2010. 
  2. «Sanda Island». sanda-island.co.uk. Henta 8. februar 2010. 
  3. «Sanda Island Bird Observatory». Henta 7 oktober 2009. 
  4. Reeves, William, 'On the Island of Sanda', 14. april 1862 (Dublin: 1862) finst på google.com
  5. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1-84195-454-3.