Sandkake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sandbakkels)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandkaker og former.
Sandkaker
Foto: Jonathunder

Sandkaker eller sandbakkels er tradisjonelle norske småkaker ein gjerne bakar til jul. Kakedeigen inneheld smør og sukker, egg, kveitemjøl, mandlar og bakepulver. Ein trykkjer deigen ut i smurte sandkakeformar og steikar dei i omnen.

Sandkaker kan nyttast som kaffimat slik dei er eller i lag med med bær, syltetøy og piska krem.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei oppskrift på sandkaker stod i ei norsk kokebok frå 1845, men dei blei først utbreidde i slutten av 1800-talet. Sandkaker blei seinare populære enn den liknande kaketypen krumkake, ettersom ein treng fint mjøl for å laga dei, og dette lenge ikkje var lett å få tak i.[1]

Gjennom norsk utvandring til Amerika blei oppskriftene og formene til sandkaker tekne med til USA, og sandkaker eller sandbakelse er blitt ein del av juletradisjonen til mange norsk-amerikanarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stokker, Kathleen (2001). Keeping Christmas: Yuletide Traditions in Norway and the New Land. St. Paul, Minn.: Minnesota Historical Society Press. s. 27.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Foodlogo2.svg Sandkaker. Oppskrift i Kokebok på Wikibøker.