Sande kyrkje i Sunnfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sande kyrkje i Gaular)
Sande kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Sande
Fellesråd Sunnfjord
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 5. desember 1864
 - Endringar Restaurert og ombygd på 1940-talet
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 300
Kart
Sande kyrkje i Sunnfjord
61°19′37″N 5°47′36″E / 61.327°N 5.7933°E / 61.327; 5.7933
Wikimedia Commons: Sande kyrkje, Sunnfjord

Sande kyrkje står på Sande i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.

Sande kyrkje i Sunnfjord is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Sande kyrkje i Sunnfjord

Ein trur at ho tilliks med nabokyrkja i Bygstad er ført opp etter typeteikningar laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow.[1] Kyrkja vart restaurert, påbygd og ombygd på fyrste del av 1940-talet.[1] Dette arbeidet vart leia av arkitekt Johan Lindstrøm.[1]

Den noverande kyrkja er den tredje kjende på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje frå 1100-1220-talet. Den andre var ei tømra kyrkje som stod frå 1620 til dagens kyrkje vart reist. Mykje av vyrket frå gamlekyrkja vart brukt oppatt i den nye.[2]

Sande kyrkje er soknekyrkje i Sande sokn i Sunnfjord prosti. Sande og resten av Gaular høyrde til Holmedal prestegjeld til 1755, då vart Gaular skild ut som eige prestegjeld under namnet Indre Holmedal prestegjeld. Prestegjeldsnamnet vart endra frå Indre Holmedal til Gaular i 1911.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]