Sande kyrkje på Sunnmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sande kyrkje
kyrkje

Foto: Max Ingar Mørk/Riksantikvaren

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Sande
Fellesråd Sande
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 30.november 1880
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 400
Kart
Sande kyrkje
62°14′27″N 5°26′34″E / 62.2407°N 5.4429°E / 62.2407; 5.4429
Wikimedia Commons: Sande kirke (Sunnmøre)

Sande kyrkje ligg på Sandsøya i Sande kommune på Sunnmøre. Ho vart bygd i 1880, og vigsla 30. november det året.

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjesande på Sandsøya har vore kyrkjestad frå mellomalderen. Den tidlegaste kyrkja ein kjenner var ei stavkyrkje. Ho er nemnd i eit skifte frå 1329. I ein tilsynsrapport frå 1709 vert Sande kyrkje nemn som ei stavkyrkje med to tårn. Denne kyrkja vart reven i 1835. Ei ny kyrkje vart reist på om lag same staden. Ho vart vigsla 6. november. Denne kyrkja fekk stormskade både i 1863 og i 1874. Jon Sefland frå Nordfjordeid som vart leigd for å vøle kyrkja, fann at det ikkje kunne gjerast i den stand ho var. Det vart bestemt at kyrkja skulle rivst for å bygge nytt.

Kyrkja frå 1880[endre | endre wikiteksten]

For at ny kyrkje kunne byggast måtte fundamenta utbetrast. Med Sefland som leiar vart kyrkja bygd. Materialane frå den gamle var brukte, og den nye kyrkja fekk same grunnmåla. Ho vart noko høgare enn den gamle, fekk fleire vindauga og nye takkonstruksjonar. Det vart ikkje utarbeidd teikningar til nybygget. Det ser ut som Jon Sefland stod for konstruksjonen.

Den nye kyrkja fekk og stormskade. I februar 1907 vart spiret rive ned. Sande kyrkje fekk orgel i 1920. Koret vart på 1930-talet måla av Jonas Peson. Desse måleria, som var på kryssfinerplater, vart tekne vekk på 1970-talet etter avtale med Riksantikvaren. I 2008 kom dei på plass att etter påtrykk frå kyrkjelyden.

Inventar frå stavkyrkja[endre | endre wikiteksten]

I Sande kyrkje finn ein eit gamalt altarskap. Det er truleg laga i Lübeck kring 1460. Ein messehakel som har høyrt til kyrkja er og frå 1400-talet. Over koret heng eit gamalt krusefiks. Det stammar frå midt på 1600-talet. Frå den tid er og eit epitafium. Det syner familien til Franz Madsen Kølholt, som gav krusefikset til kyrkja.

Sande kyrkje på Sunnmøre is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Sande kyrkje på Sunnmøre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]