Sandefjord Ballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandefjord Ballklubbs cupfinalelag 1959

Sandefjord Ballklubb er eit fotballag i Sandefjord i Vestfold, stifta 7. februar 1917. Laget spelar heimekampane på Storstadion i Sandefjord, ei bane som vart opna i 1969. Klubbdrakta består av gule trøyer, svarte bukser og gule strømper. I 2015 spelar Ballklubben på nivå seks i norsk fotballserie.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Sandefjord Ballklubb spelte i toppdivisjonen frå 1948 til 1965, i sistnemnde sesong rykte klubben ned frå 1. divisjon utan å ha vunne ein einaste av dei 18 seriekampane, i berre to kampar fekk laget poeng. Ballklubben var på sitt aller beste i slutten av 1950-åra, då laget spelte cupfinale i 1957 og 1959. Begge finalane enda med tap, fyrste gongen 0-4 mot Fredrikstad FK, andre gongen 1-2 mot Viking FK etter ekestraomgangar. I kvartfinalen 1959 mot Larvik Turn var 14 076 tilskodarar på plass på gamle Stadion, gjeldande publikumsrekord for ein fotballkamp i Sandefjord.

I 1998 gav Sandefjord Ballklubb frå seg plassen på nivå tre i seriesystemet til den nystarta fotballklubben Sandefjord Fotball.

Thorbjørn Svenssen, som spelte 104 landskampar for Noreg, er Sandefjord Ballklubb-splaren framom alle andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]