Sandefjord tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°8′8.4228″N 10°13′33.589″E / 59.135673000°N 10.22599694°E / 59.135673000; 10.22599694

██  Sandefjord domssokn markert med gult

Sandefjord tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme. Han ligg i Sandefjord i Vestfold og domssoknet omfattar Sandefjord kommune. Domstolen består av éin sorenskrivar, éin dommar og to dommarfullmektigar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Sandefjord fekk kjøpstadrettar i 1845 og samstundes blei eit felles byfutembete for byene Larvik og Sandefjord oppretta. I 1858 fekk dei to byane kvar sin byfut, men i 1936 blei Sandefjord byfut avskipa. I staden blei Sandefjord heradsrett oppretta, med eit domssokn som femna om Sandefjord by og heradskommunane Sandar og Andebu som til då hade lege under høvesvis Larvik heradsrett og Mellom-Jarlsberg heradsrett. I 1952 blei Andebu frådelt og lagt til Jarlsberg heradsrett.

Sandar heradskommune blei lagd Sandefjord bykommune i 1968 og same år blei nemninga byfut teke tilbake, for å på ny endrast til heradsrett 1988. Sandefjord tingrett blei endeleg namnet frå 2002.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]