Sandeidsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sandeidfjorden)
Sandeidfjorden sett frå Sandeid.
Foto: Jarle Vines

Sandeidsfjorden er ein fjordarm av Vindafjorden eller Krossfjorden og utgjer den nordlege delen av «krossen». Fjorden ligg i Vindafjord kommune og er nesten 9 km lang og har eit djup på opp til 370 meter.

Fjorden har innløp mellom Fløkje i vest og Helleneset ved Hogganvik i aust. Like nord for innløpet stikk Osavika inn mot aust og her ligg tettstaden Vikedal. Lenger nord stikk Årvik og Ilsvåg inn mot vest til grendene Ile, Viland, Årak, Tosnes, Skigelstrand og Sandvik. Inst i fjorden ligg bygda Sandeid som har gjeve namn til fjorden. Fylkesveg 46 går langs aust- og nordsida av fjorden.

Sørvest for innløpet til Sandeidsfjorden går Yrkefjorden vestover.