Sander Post

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sander Post
Personleg informasjon
Fullt namn Sander Post
Fødd 10. september 1984 (39 år)
Fødestad Viljandi
Høgd 199 cm
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Aalesund
Nummer 9
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-03
2003-04
2004-11
2005
2005-06
2008-10
2011-2013
Estland Elva
Estland Viljandi Tulevik
Estland Flora
Estland Tervis Pärnu (lån)
Danmark Vejle (lån)
Nederland Go Ahead Eagles
Noreg Aalesund
21 (0)
27 (6)
92 (49)
19 (8)
1 (0)
41 (10)
11 (1)[1]
Landslag
2004- Estland Estland 10 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 5. september 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 22. desember 2010

Sander Post (fødd 10. september 1984 i Viljandi i Estland) er ein estisk fotballspelar. Frå 2013 har han spelt for Flora Tallinn.

Post debuterte for FC Elva i 16-årsalderen i 2001 som forsvarar. Etter to sesongar i Elva flytta han til JK Viljandi Tulevik. 19 år gamal begynte Post den profesjonelle karrieren sin hjå FC Flora i Tallinn, den største klubben i Estland, i 2004. Same sesongen hadde han eit kort opphald hjå JK Tervis Pärnu, der han spelte 19 kampar og skåra 8 mål.

16. juni 2005 skreiv Post under kontrakt med den danske 1. divisjonsklubben Vejle Boldklub på ein eittårs utlånsavtale, men fekk berre spela éin seriekamp for klubben. Sommaren 2006 vende han attende til Flora. Fram til 2008 spelte han mest som midtstoppar, men vart flytta til å spela som spiss fordi laget mangla ein spiss grunna skadeproblem. Post spelte bra i den nye rolla si og skåra 19 mål på 20 kampar.

21. august 2008 skreiv Post under for den nederlandske klubben Go Ahead Eagles på ein eitt års låneavtale for ca. € 60 000 med ein kjøpsklausul på € 200 000. Berre éin dag seinare skåra han det første målet sitt for Go Ahead Eagles i debutkampen sin i Eerste Divisie, den nest høgste divisjonen. I det 72. speleminuttet skåra han 1-1-målet mot RKC Waalwijk. Avtalen vart forlenga for ein ny sesong sommaren 2009.

I 2010 kom Post tilbake til Flora midt i sesongen. Han skåra 24 mål på 17 kampar i den estiske toppdivisjonen 2009/2010 og blei verdas mest effektive toppskårar i ein toppserie, med 1,412 mål per kamp.

Han starta 2011-sesongen i Estland med å skåra eit mål mot JK ​​Nõmme Kalju. 31. mars 2011 skreiv han under på ein treårskontrakt med Aalesund i Tippeligaen. AaFK var på leit etter ein erstattar for Tor Hogne Aarøy (204 cm) som forlét klubben for ein karriere i Japan.

Frå 2012 til 2013 spelte han i angrep for Aalesund i Eliteserien.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 15. juni 2011.