Sander Skotheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sander Skotheim

Sander Aae Skotheim 4206.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mai 2002 (20 år)
Idrett friidrett

Sander Aae Skotheim (fødd 31. mai 2002) er ein norsk friidrettsutøvar som tevlar i mangekamp og enkeltgreinene høgdehopp, lengdehopp og 110 meter hekk. Han har vunne tre NM-gull i høgdehopp: 2019, 2020, 2022 og eitt i 110 m hekk: 2022. Under noregsmeisterskapen 2022 sprang han også ein etappe for IK Tjalve sitt vinnarlag i 1000 meter stafett. Skotheim la beslag på sjuandeplassen i tikamp under EM i friidrett 2022, året etter han vart andremann i tikampen ved U20-EM. Han presterte personbeste i tikamp ved eit stemne i Grosseto 30. april og 1. mai 2022, sanka 8 298 poeng og sette personleg rekord i lengdehopp med 7,74 meter. Skotheim sette personleg rekord med 2,17 m under tikamp-tevlinga i VM i friidrett 2022. Bestetida 14,43 sekund i 110 m hekk er frå 2020.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.