Sandlandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°19′34.093″N 21°37′57.961″E Sandlandsfjorden er ein fjord på vestsida av øya Silda i Loppa kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 11 km sørover til Marøya i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Marholmen i sørvest og Avløysingen i nordaust. Det er berre busetnader på vestsida av fjorden og her ligg mellom anna bygda Sandland. På austsida av Silda ligg Bergsfjorden.

Fylkesveg 72 går langs vestsida av fjorden.