Sandnes Ulf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandnes Ulf
KallenamnUlf
Grunnlagd11. mai 1911
HeimebaneSandnes stadion
(kapasitet: Ca. 3800
derav 2200 sitjeplassar)
HovudtrenarAsle Andersen
LigaTippeligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Sandnes Ulf er ein fotballklubb frå Sandnes, Rogaland, stifta 3. mai 1911 som fotballklubben «Ulf». Denne sesongen spelar Sandnes Ulf i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Asle Andersen.

I 2004 fusjonerte klubben med dåverande Sandnes FK og fekk då sitt nåverande namn. Etter samanslåinga er Sandnes Ulf den største fotballklubben i kommunen. Sandnes Ulf spelar sine heimekampar på Sandnes Idrettspark.

Sandnes Ulf spelte i 2006 i 2. divisjon avdeling 3. Klubben enda på 2. plass etter å ha kjempa om den eine opprykksplassen i store delar av sesongen. Men ei ustabil avslutning på sesongen gjorde at dei enda heile 11 poeng bak opprykkslaget Mandalskameratene. 2. plassen gav likevel Sandnes Ulf ein sponsa fotballtur til La Manga i sesongoppkjøringa til 2007-sesongen.

Også 2005-sesongen var ein klar framgang for Sandnes Ulf. Då hausten fekk sitt inntog på fotball-Noreg i 2005, melde Sandnes Ulf seg på i opprykkskampen i 2. divisjon avdeling 3. Men det tok likevel ikkje lang tid før klubben blei hekta av. Til slutt enda dei opp på 4. plass.

Noverande tropp[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 8. mai 2013 [1]

Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg MV Aslak Falch
2 Flagget til Sverige FS Johnny Lundberg
3 Flagget til Noreg FS Bjørnar Holmvik
4 Flagget til Noreg FS Nils Petter Andersen
5 Flagget til Colombia FS Edier Frejd
6 Flagget til Noreg FS Avni Pepa
7 Flagget til Noreg MS Fredrik Torsteinbø
8 Flagget til Noreg AS Aksel Berget Skjølsvik (kaptein)
9 Flagget til Noreg AS Marius Helle
10 Flagget til Noreg AS Tommy Høiland
11 Flagget til Canada AS Tosaint Ricketts
Nr. Posisjon Spelar
13 Det irske flagget MV Sean McDermott
18 Flagget til Noreg AS Henrik Furebotn
19 Flagget til Noreg FS Vegard Aanestad
21 Flagget til Kosovo MS Anel Raskaj
23 Flagget til Island AS Steinþór Þorsteinsson
25 Flagget til Sverige MS Jakob Olsson (på lån frå GAIS)
26 Flagget til Noreg FS Kenneth Sola
27 Flagget til Noreg AS Zymer Bytyqi (på lån frå Red Bull Salzburg)
28 Flagget til Serbia AS Nemanja Jovanović
29 Flagget til Noreg FS Krister Landa

Profilar[endre | endre wikiteksten]

Laget sin største spelarprofil er Asle Andersen som signerte for klubben Mars 2006. Asle Andersen med erfaring frå Tippeligaen og 1. Divisjon, har blitt ein sterk tilvekst for laget. Andersen fungerte i 2006 som spelande assistenttrenar saman med hovudtrenar Johan Selvig.

Liste over viktige spelarar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Spillertropp 2012» (på norsk). sandnesulf.no. Henta 13 March 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Tippeligaen 2019