Sandnes kyrkje i Rogaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°51′10″N 5°44′0″E

Sandnes kyrkje
kyrkje
Sandnes kirkested 2012-09-20 17-37-59.jpg
Foto: Tim Tipple
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Sandnes
Sokn Sandnes
Fellesråd Sandnes
Type Langkyrkje
Arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoff
Material Teglstein
Innvigd 6. juli 1882
 - Endringar Påb. 1949 og 1961, rest. 2011–13
Tårn I nordaust
Kor Polygonalt avslutta
Klokker 3, Olsen Nauen (1951)
Kyrkjegard Nei
Preikestol Ståle Kyllingstad (1951)
Døypefont Ståle Kyllingstad (1951)
Altartavle August Eiebakke (1904) e. Adolph Tidemand
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (1971)
Sitjeplassar 420
Diverse Glasmåleri av Olav Ansgar Larsen (1922)
Wikimedia Commons: Sandnes kirke, Sandnes

Sandnes kyrkje er ei langkyrkje i teglstein frå 1882 i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det er den første kyrkja i Sandnes by, som vart skilt ut frå Høyland kommune i 1860. Kyrkja er bygd av teglstein og har 420 sitjeplassar.[1]

Den kyrkja som vart innvigd i 1882, var litt kortare enn i arkitekt Eckhoff sine opphavelege teikningar og tårnet litt lågare.[2] Tårnet vart gjort høgare i 1949, og kyrkja vart utvida i lengden i 1961, då det gamle koret vart rive. Samstundes vart interiøret restaurert. Kyrkja vart òg restaurert i 2011–13.

Altartavla er måla av August Eiebakke i kopi etter Adolph Tidemand sitt altarbilete Oppstoda i Bragernes kyrkje. To vindauge i koret har glasmåleri frå 1922 av Olav Ansgar Larsen. Motiva er frå langfredag og oppstoda. Døypefonten av kleberstein vart laga av Ståle Kyllingstad i 1951. Kyllingstad utsmykka preikestolen same året, og i 1953 fornya han innramminga til hovuddøra.

Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Sandnes nye og gamle gravlund [3] er lengre sørvest, vest for fylkesveg 325.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrkjesøk
  2. Jf. bilete i Digitalt musem.
  3. Sandnes kommune

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]