Sandnes stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandnes stadion
Sandnes-stadion.JPG
Eigar Sandnes kommune
Drift Sandnes kommune
Brukarar Sandnes Ulf (fotball), Sandnes IL (friidrett)
Underlag Naturgress
Banestorleik 105 m x 67 m
Kapasitet 4 969
Historiske årstal
Påbegynt
1925
Opna
1927
Stengd

Sandnes stadion er eit stadion i Sandnes og heimebanen til fotballaget Sandnes Ulf. Anlegget blir òg brukt til friidrett av Sandnes IL. Arenaen ligg i Sandnes idrettspark i bydelen Trones i Sandnes.

Fotballbanen måler 105 x 67 meter, medan åtte løpebanar ligg kring grasmatta. Stadionet var godkjent til Tippeliga-spel i 2013.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klart for friidrettskonkurransar på Sandnes stadion på 1930-talet.

Historia til Sandnes stadion byrjar med skipinga av Sandnes Ulf, den gongen kjent som «Sportsklubben Ulf». I klubben sine styrereferat frå 15. juni 1911 nemnast det at mangelen på ein eigen idrettsplass førte til uregelmessige treningstider. Den kommunale idrettsplassen var ubrukeleg som fotballbane, og klubben måtte difor leige ulike jorde frå gardeigarar til å drive fotballtrening. I desember 1919 fekk klubben tilbod frå fabrikkeigar Nielsen om å leige det som vart kjent som Pilesletta – same stad der Gand vidaregåande skule ligg i dag. Dette var stort sett heimebana til klubben i mange år framover, medan ein sparte pengar og arbeidde med å få på plass ein meir permanent stadion.

I bresjen for dette arbeidet gjekk dipl. ing. Jac Petersen, òg kjent som «faren til stadionet». Etter to års bygging kunne endeleg Sandnes stadion opnast sommaren 1927. Sundag 19. juni 1927 vart det arrangert opningsstemne for byen sin nye idrettsarena med fotballkamp mellom dei to Sandnes-laga SK Ulf og Frøya, ein kamp Ulf vann 4–3. Etter kvart kom det både garderobar, tribune og fleire treningsbanar.

I løpet av åra har Sandnes stadion vorte brukt til mykje ulikt og har vore vertskap for arrangement innan fotball, friidrett, turn, sykling, skøyter, trav og speedway.

Sandnes stadion anno 1946. Legg merke til travbanen rundt fotballbanen.

Stadion i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vedtok bystyret i Sandnes kommune å endre namn på anlegget til Sandnes idrettspark, utanom sjølve hovudbanen, som enno skal vere kjent som Sandnes stadion.

Året 2009 og deler av 2010 gjennomgjekk Sandnes stadion store oppgraderingar i samband med Adeccoliga-spel for Sandnes Ulf og NM i friidrett som vart arrangert i 2010. Sandnes Ulf sitt opprykk til Tippeligaen i 2011 medførte fleire oppgraderingar, mellom dei utviding av publikumskapasiteten og eit nytt mediehus midt på den gamle tribunen. Stadionet framstår i dag som eit moderne multifunksjonsanlegg med godkjende flaumlys, åtte løpebanar, VIP-lokale og over 4 100 sitteplassar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]