Sandnessjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sandnesjøen)
Sandnessjøen
By
Sandnessjøen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Alstahaug
Areal 4,09 km²
Folketal 5 949  (2023)
Folketettleik 1 455 / km²
Postnummer 8800 SANDNESSJØEN
Kart
Sandnessjøen
66°01′00″N 12°38′00″E / 66.016666666667°N 12.633333333333°E / 66.016666666667; 12.633333333333
Wikimedia Commons: Sandnessjøen

Sandnessjøen er ein by i Alstahaug kommuneHelgeland i Nordland fylke. Staden har hatt bystatus frå 1999 og har 5 949 innbyggjarar per 1. januar 2023.

På Sandnesgården budde høvdingen Torolv Kveldulvsson og sagakvinna Sigrid omkring 870. Ved byen ligg Alstahaug kyrkje og Petter Dass-museet.

Det går dagleg snøggbåt frå Sandnessjøen til Bodø med samband til Svolvær. Ruta heiter Nordlandsekspressen. Næraste lufthamn for Sandnessjøen er Stokka lufthamn.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

I byen finst det statuar av Torolv Kveldulvsson, Petter Dass, Sigrid på Sandnes og Skule V. Storheill. I tillegg finst verka Bakersvenden, Seileren, Tassen og ei oppstilt ankerkjettinglenke.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. HALD IKS (2011). «Kultur for skulptur» (PDF). Alstahaug kommune. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]