Sandpapir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To ark sandpapir til ein pussemaskin. Arket til høgre er finast.

Sandpapir er papp eller papir med ru overflate som blir brukt til å fjerna små mengder material frå ei anna overflate. Det kan brukast for å ta vekk eit lag frå flata, til dømes gammal måling, til å gjera henne glattare, eller til å gjera ei glatt overflate ruare, til dømes for å kunne lima henne.

Sandpapir kan brukast for hand eller ved hjelp av ein elektrisk pussemaskin.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Tal Styrke Bruk
40-60 Grovt Tungt pussearbeid, gjera overflata ruare
80-120 Middels Glatta ut overflata, fjerna mindre merke
150-180 Fint Siste puss før trevyrket er klart
220-240 Finare Pussing mellom målingslag
280-320 Svært fint Fjerna støv eller merke mellom dei siste målingslaga
360-600 Finast Finpuss etter siste målingslag for å fjerna skin eller merke

Det finst ei rekke ulike typar sandpapir, der papiret, limen og det rue materialet som blir brukt skil seg frå kvarandre. «Sanden» kan vera skarpe sandkorn, glaspulver, mineral som korund, karborundum eller diamant. Vidare skil dei ulike papira seg frå kvarandre ved korleis dei er forma, kor store sandkorna er, og kor langt dei sit frå kvarandre. Sandpapir blir gjevne tal etter kor fine dei er. Dei lågaste tala er grovast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Huda til haiar har vore brukt som sandpapir, men den første nedteikninga av produksjon og bruk kjem frå Kina på tolvhundretalet, der ein limde knuste skjel, frø og sand til pergament med naturgummi.

Isaac Fischer Jr. frå Springfield i Vermont tok patent på det moderne sandpapiret i USA den 14. juni 1834.

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Kunstmålarar har brukt sandpapir som underlag, mest kjend for dette er Joan Miro. I dag blir ungar oppmuntra til å teikna med fargestifter på sandpapir for å laga eit særmerkt bilde.

Papiret har òg vore brukt som eit musikkinstrument, i Sandpaper Ballet av Leroy Anderson.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]