Sandra Farmer-Patrick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandra Farmer-Patrick
Statsborgarskap USA
Fødd 18. august 1962 (61 år)
Kingston på Jamaica
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1984

Sandra Farmer-Patrick, opphavleg Sandra Miller, (fødd 18. august 1962) er ein tidlegare friidrettsutøvar som representerte Jamaica til 1987, sidan USA. Ho vann sølvmedaljen i 400 meter hekk både under Sommar-OL 1992 og Friidretts-VM 1993.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sandra Farmer sette i VM-finalen 1987 personbeste på langhekken med 54,38 sekund, og var einast sju hundredels sekund attom bronsemedaljøren. Ho var elles med i Jamaica sitt mannskap som vart nummer 6 i 4 x 400 m stafett.

Etter at ho gifta seg med den USA-amerikanske hekkeløparen David Patrick, byrja ho som Farmer-Patrick å representere USA, eit land ho hadde budd i sidan ho var 11 år gammal. Sommaren 1989 sette ho personbeste med sterke 53,37 ved eit stemne i New York. I VM 1991 kneip ho fjerdeplassen i 400 m hekk, eit lite halvsekund bakom bronsevinnaren.

Ved Sommar-OL 1992 i Barcelona tok Farmer-Patrick sølvmedaljen i 400 m hekk, britiske Sally Gunnell vann klart. Under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart sprang Farmer-Patrick sitt livs løp. I langhekk-finalen pressa ho favoritten Sally Gunnell heilt inn til målstreken. Gunnell sette verdsrekord med 52,74 sekund, Farmer-Patrick fekk 52,79, også det under den gamle verdsrekorden.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Farmer-Patrick utestengd i fire år etter ein dopingtest viste eit for høgt nivå av testosteron.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]