Sandra Kolstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandra Kolstad
Fødd19. januar 1985 (39 år)
FødenamnSandra Kristine Kolstad
OpphavNoreg
Aktiv2009–2019
Instrumentvokal
PlateselskapNordic Records
Verka somsongar, låtskrivar, musikkprodusent, musikar
PrisarAschehougs debutantstipend

Sandra Kristine Kolstad (fødd 19. januar 1985) er ein norsk musikar, songar, artist, tekstforfattar, komponist og produsent.

Kolstad har gått på musikklinja på Rud vidaregåande skule og studerte hos Wolfgang Plagge. Kolstad har gjeve ut fem album: Crux, (Nothing Lasts) Forever, Zero Gravity State Of Mind, San Silva og Burning Love. Ho har òg markert seg som forfattar og skodespelar.

Artistkarriere[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2009 gav Sandra Kolstad sjølv ut EP-en All that we are, med hovudsakleg pianobasert musikk. Spora «Freudian Slip» vart kåra til «Ukens Urørt» på NRK P3.[1] Sommaren 2010 spelte ho fleire konsertar i Noreg og utlandet, blant anna på Slottsfjellfestivalen og Volumfestivalen i Noreg og på Schokoladen i Berlin, Rust i København og Högkvarteret i Stockholm.

Crux[endre | endre wikiteksten]

Sandra Kolstads debutalbum Crux vart produsert av Kolstad sjølv, og vart utgjeve på Trust Me Records 29. april 2011. Kolstad fekk løyve av Laurie Anderson og Karin Dreijer Andersson aka Fever Ray til å bruka nokre av deira lydar på albumet.[2] Albumet fekk gode meldingar og mykje omtale i pressa.[3]

Etter at albumet vart gjeve ut, drog Kolstad på turné med konsertar blant anna på Øyafestivalen i Oslo,[4] Numusic i Stavanger og Insomniafestivalen i Tromsø, og dessutan i København og Stockholm.[4]

Kolstad gav ut albumet i Tyskland i oktober 2011 til merksemd i tysk presse, og hadde dessutan spelejobbar på stadar som Chez Jacki og Volksbühne i Berlin.[5][6]

Sandra Kolstad vart nominert til Statoilstipendet i januar 2012. Stipendet vert delt ut under By:Larm i Oslo i februar. Statoilstipendet blei tildelt Jarle Bernhoft.[7]. Kolstad spelte sommaren 2012 fleire festivalar, som Slottsfjellfestivalen i Tønsberg og Roskildefestivalen i Danmark.

(Nothing Lasts) Forever[endre | endre wikiteksten]

Det andre albumet til Kolstad, (Nothing Lasts) Forever, vart gjeve ut 28. september 2012. Det var produsert av Kolstad sjølv, i samarbeid med den svenske improvisasjonsmusikaren Petter Eldh.[8] Albumet mottok god omtale i norsk dagspresse Første singel frå albumet, «The Well (We Will Change It All)», vart playlista på NRK P3 .[9][10] Albumet fekk òg raskt merksemd i utlandet, blant anna i nettmagasinet Music OMH. På albumet gjer Kolstad duettar med den norske rapperen Son Of Light, den norsk-engelske songaren Lucy Swann og teknoduoen Bloksberg.[11]

I samband med lanseringa spelte Sandra Kolstad på Club JaJaJa i London.[12]

Zero Gravity State Of Mind[endre | endre wikiteksten]

Albumet Zero Gravity State Of Mind vart gjeve ut 6. oktober 2014. Det vart spelt inn i Duper studio i Bergen, med Yngve Sætre som produsent. Albumet fekk gode meldingar i norske aviser, der Dagens Næringsliv skildra det som ei vellukka tredjeplate, og P3 kalla det ein «seiersdans».[13][14]

Kolstad har òg gjort omfattande turnéar med desse to albuma, blant anna i USA, Canada og Russland. Frå 2015 turnerte ho med Rikskonsertane rundt i Noreg.[15]

San Silva[endre | endre wikiteksten]

San Silva vart utgjeve på Fanfare 22. september 2017. Albumet er produsert av Kolstad sjølv, og Yngve Leidulv Sætre, i Duper Studio i Bergen. Første singel, «Mango Corner», er ein duett med Miss Tati, og fekk gode mottakingar, blant anna i Bergens Tidende. Plata er ifølgje Kolstad «ti sørgesanger for det moderne samfunnet, men ikke uten håp».[16] Både Klassekampen og Dagens Næringsliv meinte San Silva var den sterkaste plate til Kolstad så langt.[17]

Burning Love[endre | endre wikiteksten]

Burning Love vart gjeve ut på Nordic Records 10. mai 2019. Albumet vart produsert av Sandra Kolstad sjølv, saman med Yngve Sætre og Jonas Barsten. Albumet vart hylla i norsk og internasjonal presse og omtalte Kolstad som eit stort multitalent og eit nær renessansemenneske.[treng kjelde]

Komponistkarriere[endre | endre wikiteksten]

Sandra Kolstad er aktiv som komponist i tillegg til sine eigne utgjevingar. Våren 2017 komponerte og produserte ho musikken til tilstellinga Familien som Kunne Snakke Om AltDen Nationale Scene i Bergen. Kolstad debuterte òg som skodespelar i stykket, i rolla som Asta. Hausten 2017 komponerte Kolstad musikken til bestillingsverket Den Politiske Kroppen til Litteraturhuset i Oslo sitt 10-årsjubileum. Kolstad vart geddaprisnominert for musikken ho komponerte til førestillinga SongfuglenDet Norske Teatret, med urpremiere 26. august 2016.[18] Kolstad komponerte og produserte òg all musikken til scenekunstprosjektet Lykkeparadigmet som hadde urpremiere på Teatergarasjen i Bergen (Studio Bergen) i august 2015.[19]

Produsentkarriere[endre | endre wikiteksten]

Kolstad produserte i 2015 bergensbandet Norsk Tiger sitt andrealbum Kjærlighetsarkitekter i Duper Studio i Bergen.[20] Kolstad står òg som produsent på alle sine eigne plateutgjevingar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2009: All that we are (EP)
  • 2011: Crux
  • 2012: (Nothing Lasts) Forever
  • 2014: Zero Gravity State Of Mind
  • 2019: Burning Love

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ali Soufi (8. februar 2010). «Freudian Sandra». NRK.no. Henta 16. mai 2017. 
  2. http://www.musikknyheter.no/record/8338 Sandra Kolstad - Crux
  3. Svein Andersen (15. april 2011). «Tar skikkelig popgrep». Aftenposten.no. Henta 16. mai 2017. 
  4. 4,0 4,1 Kim Klev (11. august 2011). «En isdronnings bekjennelser». NRK.no. Henta 16. mai 2017. 
  5. Ange Suprowicz (5. oktober 2011). «Disko in unberührter Natur». vice.com. Henta 16. mai 2017. 
  6. http://www.residentadvisor.net/event.aspx?315192 Sandra Kolstad, Lemâitre, Nordic by Nature, Bror
  7. Marit Grøtte (18. februar 2012). «Ingen millionstipend til Sandra Kolstad». Budstikka.no. Henta 16. mai 2017. 
  8. Magne Johnsen (2. august 2011). «Nytt album fra Sandra Kolstad». groove.no. Arkivert frå originalen 11. juli 2016. Henta 16. mai 2017. 
  9. Svein Andersen (28. september 2012). «Dansbare paradokser». Aftenposten.no. Henta 16. mai 2017. 
  10. http://p3.no/ny-musikk-pa-p3-36/ Ny musikk på P3!
  11. David Welsh (24. september 2012). «Sandra Kolstad – (Nothing Lasts) Forever». Music OMH. Henta 16. mai 2017. 
  12. http://www.jajajamusic.com/2012/08/new-show-ja-ja-ja-w-sandra-kolstad-phantom-the-white-album/ New Show: Ja Ja Ja w/ Sandra Kolstad + Phantom + The White Album
  13. http://www.dn.no/magasinet/2014/10/03/2054/Anmeldt/drmmefakultetet Drømmefakultetet
  14. Trine Aandahl (6. oktober 2014). «Seiersdans». NRK.no. Henta 16. mai 2017. 
  15. Sandra Kolstad - Mystery Tour
  16. «Sandra Kolstad – San Silva | Fanfare». Fanfare (på norsk bokmål). 22. september 2017. Arkivert frå originalen 21. januar 2018. Henta 25. november 2021. 
  17. «Over hele popspekteret». Klassekampen. 
  18. [1]
  19. Lykkeparadigmet
  20. Tigrene er tilbake

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]