Sandra Lyng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandra Lyng

Fødd18. april 1987 (36 år)
FødestadMosjøen
FødenamnSandra Lyng Haugen
OpphavNoreg
Aktiv2004–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapPass It Records, Universal Music, Sony Music, MER Musikk
Verka somsongar, musikar, låtskrivar
Sambuar medDavid Sandoval

Sandra Lyng Haugen, kjend under artistnamnet Sandra Lyng, (fødd 18. april 1987 i Mosjøen) er ein norsk musikar og låtskrivar som kom på fjerdeplass i Idol i 2004. I tida etter Idol gav ho ut singelane «Sommerflørt» og «I morgen» som fekk gode plasseringar på VG-lista. Like etter gav ho ut debutalbumet Døgnvill, som hamna på tredjeplass på albumlista til VG.

Etter debutalbumet turnerte Lyng og var med på ulike TV-program fram til 2010. I tida som følgde reiste ho mykje og etter eit lengre opphald i Brasil og USA byrja ho å skriva musikk igjen. Lyng etablerte seg i Los Angeles for å arbeida med låtskriving og finne eit nytt musikalsk uttrykk. I Los Angeles jobba ho med blant andre Andreas Schuller og Will.i.am.

I 2013 gjorde Lyng comeback med sin fyrste engelskspråklege låt kalla «PRTEY». I 2014 følgde ho opp med albumet LA-Files. I januar 2015 var ho aktuell i TV-programmet Mitt DansecrewTV 2 og med singelen «Heels Off».

Sommaren 2015, 2016 og 2017 var ho med på VGs Sommershow-turné og på VG-lista-konsertane rundt i Noreg.

Våren 2020 debuterte Lyng som barnebokforfattar. Ho gjev ut bøker om Corny, ein kjenslevar liten einhyrning.[1]

TV og film[endre | endre wikiteksten]

Lyng vart kjend etter deltakinga si i Idol i 2004 som 16-åring.[2] Ho enda på fjerdeplass. I 2006 vikarierte ho som programleiar for Idol, saman med Kåre Magnus Bergh.

Lyng hadde stemmen til sjukesyster Victoria i teiknefilmen «Valiant».

Våren 2007 deltok Lyng i TV 2-programmet Isdans. Ho måtte trekkja seg frå programmet etter at ho vart skadd i ei bilulykke.

Vinteren 2014 deltok Lyng i realityserien «Det sterkeste kjønn» med blant andre hennar eigen manager Gunnar Greve Pettersen, Petter Solberg og Brita Cappelen Møystad. Seinare same år var ho dommar i Idol Junior.

Vinteren 2015 deltok Lyng i TV 2-programmet Mitt Dansecrew der ho enda på ein fjerdeplass.

I 2016 deltok Lyng i reality-tv-programmet 71 grader nord.

Hausten 2020 deltok Lyng i den niande sesongen av TV-programmet StjernekampNRK. Lyng kom på andreplass bak Knut Marius Djupvik.[3]

Musikkutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 2005 lanserte Lyng saman med Philip Ruud, frå musikkollektivet Pass It, singelen «Sommerflørt». Låten var lenge ein av dei mest spelte på NRK2-programmet Svisj, og låg på førsteplass på VG-lista topp 20 i fem veker. Sommaren 2005 gav Lyng ut ho sin andre singel, «I morgen», som er ein nyinnspeling av songen frå musikalen «Annie»; denne låten kom på andreplass på VG-lista, etterfølgd av debutalbumet Døgnvill.

I 2013 gjorde Lyng comeback med singelen «PRTeY» produsert av Andreas «Axident» Schuller, som tidlegare har jobba med blant andre Jason Derulo, Pitbull og Jessie J. Same år gjekk Lyng over til musikkselskapet MER AS der Gunnar Greve er manager. I 2014 gav ho ut den Donkeyboy-produserte singelen «Don't Care» etterfølgd av singelen «Electric City» og EP-en LA-Files. Sommaren 2015 vart låten «Play My Drum» lansert; låten låg stabilt på topplista til Spotify i fleire veker. Sandra framførte «Play My Drum» framfor over 70 000 menneske på VG-lista Topp 20 på Rådhusplassen i juni 2015. I november 2015 gav ho ut låten «Night After Night», produsert av Jesper Borgen og Anders Frøen aka Mood Melodies, som i januar 2016 var strøyma over 3 millionar gonger.

I mai 2015 slapp Lyng sommarlåten «Play My Drum» som låg på andreplass i to veker på VG-lista.

Lyng slapp i januar 2016 singelen «Moonrise», produsert av Anders Frøen aka Mood Melodies, som òg står bak låtane «Play My Drum» og «Night After Night». Lyng lanserte denne på Senkveld med rundt 600 000 sjåarar.

Våren 2017 slapp Lyng singelen «Ta me dit» saman med Morgan Sulele. Teksten er skriven på hennar eiga dialekt. Sommaren 2017 slapp ho låten «Bungalow» saman med Temur.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • En stjerne skinner i natt (2020)
  • Kvitt flagg (2020)
  • Jag älskar dig (Jeg elsker deg) (2020)
  • Det bli bra igjen (2020)
  • Julefantasi (2019)
  • Når julen kommer (2017)
  • Bungalow (2017)
  • Ta me dit (2017)
  • Hiding (2016)
  • LiQR (2016)
  • Moonrise (2016)
  • Blue (2016)
  • Night After Night (2015)
  • Play My Drum (2015)
  • Heels Off (2015)
  • Sommerflørt 2 (2014)
  • Electric City (2014)
  • Don’t Care (2014)
  • PRTeY (2013)
  • Hjemsøkt (2009)
  • I morgen (2005)
  • Sommerflørt (2005)

Album[endre | endre wikiteksten]

  • LA-Files (EP) (2014)
  • Døgnvill (2005)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • God natt, Corny – barnebok, illustrert av Cathrine Sandmæl, Gyldendal 2020
  • Gratulerer med dagen, Corny – barnebok, illustrert av Cathrine Sandmæl, Gyldendal 2020
  • Ha det, Corny – barnebok, illustrert av Cathrine Sandmæl, Gyldendal 2020
  • Den er min, sier Corny – barnebok, illustrert av Cathrine Sandmæl, Gyldendal 2020
  • Du klarer det, Corny – barnebok, illustrert av Cathrine Sandmæl, Gyldendal 2021
  • Du får ikke være med, Corny – barnebok, illustrert av Cathrine Sandmæl, Gyldendal 2021

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. VG: Sandra Lyng gir ut barnebøker om følelser
  2. Miriam Bakkejord (18. april 2017). «Sandra Lyng: Fyller 30 i dag: Se Sandra Lyngs enorme forvandling» (på norsk). Seoghør.no. Henta 31. mai 2017. 
  3. Vege, Håvard Hjorthaug (31. oktober 2020). «Knut Marius Djupvik vant Stjernekamp 2020». Nettavisen. Henta 1. november 2020.