Sandra Márjá West
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sandra Márjá West | |
![]() Foto: Kenneth Hætta / Sametinget
| |
Fødd | 11. oktober 1990 |
Yrke | politikar |
Sandra Márjá West på Commons |
Sandra Márjá West (fødd 11. oktober 1990) er ein norsk samisk politikar. Ho vart i 2013 valt inn som sametingrepresentant for Norske Samers Riksforbund (NSR) i Gáisi valkrins, og attvald i 2017. I 2018 vart West festivalsjef for Riddu Riđđu[1].
Ho har tidlegare m.a. vore prosjektleiar for Indigenous Youth Gathering (IYG) ved urfolkfestivalen Riddu Riđđu, og var i perioden 2012-2013 òg ein av tre samiske vegvisarar ved Samisk høgskule. Av fagleg bakgrunn har ho ein bachelor i Russlandstudiar frå Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Ho har studert ved folkehøgskolen Samernas Utbildningscentrum i Jokkmokk i Sverige.
Sandra Márjá West er dotter av den samiske språkforskaren Lene Antonsen.
Verv[endre | endre wikiteksten]
- 2013–dd Varamedlem i Riddu Riđđu Festival
- 2009–dd Varamedlem i Riddu Riđđu Searvi
- 2013–2017 Sametingrepresentant
- 2017 - Sametingrepresentant
- 2017 - medlem i Samisk parlamentarisk råd
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sametinget - Sandra Márjá West
- Sametinget: Sandra Márjá West (gammel lenke)
- NRK: Sandra Márjá West, NSR
- NSR: Gáisi valgkrets
- Denne artikkelen bygger på «Sandra Márjá West» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2019.