Sandro Nicolas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandro Nicolas
Fødd4. oktober 1996 (27 år)
FødestadHeinsberg
OpphavTyskland
Aktiv2018–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Alessandro Heinrich Rütten ({{datoar}]), best kjend som Sammy Clay, Sandro Nicolas og no TYLR[1], er ein tysk songar av gresk og amerikansk opphav. Han skulle ha representert Kypros i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Running», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sandro vart fødd i Heinsberg i Tyskland av ei gresk mor og ein amerikansk far.[4] Han vaks opp i Tyskland der han starta musikkarrieren sin.[2][5]

I 2015 prøvesong han for talenttevlinga Das Supartalent, den tyske versjonen av Norske talenter. I 2018 deltok han i den åttande sesongen av The Voice of Germany. Han framførte Shawn Mendes' «In My Blood» under den anonyme prøvesongen-runden, og alle fire dommarar snudde stolane for han. Han vart etter kvart slått ut i singoff-runden.[2]

I 2019 representerte Sandro USA i New Wave-festivalen i Sotsji i Russland og enda på sjetteplass. 29. november 2019 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren RIK at Sandro skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[2][5][2][5] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «tylerfromheaven». Instagram. Henta 22. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Cyprus: Sandro will represent Cyprus at Eurovision 2020». 29. november 2019. Henta 29. november 2019. 
  3. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  4. Η Κύπρος πάει Γιουροβίζιον με τον Sandro Nicolas
  5. 5,0 5,1 5,2 «Cyprus: Sandro to Rotterdam!». 29. november 2019. Henta 30. november 2019. 
  6. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.