Sandsfjorden i Møre og Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sandsfjorden er ein fjord i Sande kommune i Møre og Romsdal. Han ligg mellom Sandsøya i vest og Gurskøya i aust. Fjorden strekkjer seg om lag 4,5 km sørover frå Norskehavet og inn til NupanesetGurskøya. Frå her held fjorden fram som Hallefjorden. Fjorden er vel ein kilometer brei og er på det djupaste 236 meter.

Ved Nupeneset går fjordarmen Gursken søraustover på Gurskøya. Nord for Gursken ligg Gjerdvika med grendene Gjerde og Sandanger. På vestsida av fjorden ligg Sandshamn.