Sandvika stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°53′28.079″N 10°31′22.696″E

Sandvika stasjon med den eldre stillverksbygningen og dei moderne bygningane.
Perrongane og overbygningane over oppgangane til dei.

Sandvika stasjon er ein jarnbanestasjon i Sandvika i Bærum kommune for lokal persontrafikk, sams for Drammenbanen og Askerbanen. Stasjonen har inngang og venterom under spora, med oppgang til kvar av perrongane. Ein bussterminal og ein drosjehaldeplass er knytt beinveges til stasjonen.

Stasjonen vart opna i 1872, men på det noverande stasjonsområdet er det ikkje noko att av det opphavlege. Eit særkjenne for Sandvika stasjon er eit eldre stillverkshus i mur over spora, det finst ikkje noko liknande her i landet. Stillverkshuset er ikkje i bruk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]