Sandviken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sandviken i Bergen)
Sandviken sett frå Sandviksfjellet.

Sandviken er eit område i Bergen, i Bergenhus bydel, nordaust for bysentrum i Bergen. Sandviken vart ein del av Bergen kommune i 1876.

Sandviken vart bygt ut med mylner og skipsverv frå 1300-talet eller tidlegare. Lensherren Erik Rosenkrantz fekk i 1561 skilt Sandviken ut frå byen Bergen ved eit makeskifte med kongen. På 1600-talet vart Sandviken teke i bruk som stapelhamn med sjøbuder og reiparbaner.

I 1876 vart Sandviken innlemma i Bergen bykommune. Bydelen fekk betre vegsamband gjennom utbygging av vegar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Nettutgåva av Bergen Byleksikon