Sandžak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Sandžak

Sandžak (serbisk Sandžak eller Raška, bosnisk Sandžak, albansk Sanxhak eller Sanxhaku, tyrkisk Sancak) er ein region sentralt på Balkan. Området er politisk delt mellom Serbia og Montenegro. Det har fått namnet sitt etter Novi Pazar sanjak, eit tidlegare osmansk administrativt distrikt som eksisterte fram til balkankrigane i 1912.

Regionen strekkjer seg frå grensa til Bosnia-Hercegovina til Kosovo og dekkjer eit areal på 8 403 km². I Serbia består Sandžak av dei seks kommunane Novi Pazar, Sjenica, Tutin, Prijepolje, Nova Varoš og Priboj og i Montenegro av dei fem kommunane Pljevlja, Bijelo Polje, Berane, Rožaje og Plav.

Den største byen i regionen er Novi Pazar (55 000) og av andre store byar finn ein Pljevlja (23 800) og Priboj (19 600). Mange muslimar bur i området (om lag 45 % er bosnjakar og om lag 27 % er muslimar av annan nasjonalitet).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]