Sanfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San-mann med tradisjonelt utstyr i Namibia.
Foto: Ian Beatty

Sanfolk eller buskmenn viser til fleire folkegrupper frå det sørlege Afrika som snakkar ulike khoisanspråk. Sanfolk lever i og rundt Kalahari-ørkenen, særleg i Botswana og Namibia. Dei er rekna som urfolk som heldt til i området før bantuekspansjonen. Det finst i dag mellom 77 000 og 100 000 sanfolk (2009).[1]

Sanfolk har tradisjonelt vore jegerar og samlarar. Det finst framleis nokre få som lever som nomadar, men dei fleste er blitt bufaste og driv no ofte med jordbruk, ofte som jordbruksarbeidarar, og som vegvisarar.

Ung sankvinne i Botswana.
Foto: Lisa Gray

Namn[endre | endre wikiteksten]

Sanfolk har ikkje rekna seg sjølve som ei eiga gruppe, og har ikkje noko tradisjonelt eige namn. I staden har kvar språkgruppe kalla seg med eigne namn, som ǃkung eller ju/'hoansi, og khwe. Namnet «san» er gjeve av nabofolket khoikhoi. Desse utgjer saman med san den større gruppa khoisan.

nederlandske kolonistar kom til Sør-Afrika kalla dei innfødde som levde i «bushen» eller skogområda for boschjesman. Nemninga er blitt utvida til å omfatta fleire folkeslag og omsett til engelsk som Bushmen og norsk som buskmenn. Ordet er mykje brukt om sanfolk, men kan også oppfattast som nedsetjande.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Måleri utførte av sanfolk for over tusen år sidan nær Murewa i Zimbabwe.

Sanfolk frå noverande Botswana vandra sørover til Waterberg i noverande Sør-Afrika for mellom ti og tjueto tusen år sidan.

Rundt år 1000 førte innvandring av bantufolk til at sanfolk anten blei drepne eller integrerte i deira samfunn, eller at dei trekte til område det var vanskeleg å bu i, som ørkenen Kalahari.

Frå midten av 1900-talet gjekk mange sanfolk også der over til eit bufast levesett knytt til jordbruk. For mange var det ikkje lenger mogleg å leva av jakt og sanking i pressa område. I mange tilfelle er også sanfolk blitt flytta av styresmakter frå dei opphavlege bustadene sine til nye område. Flyttinga av sanfolk frå Central Kalahari Game Reserve har mellom anna vore eit stridsemne i Botswana sidan 1990-talet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Buskmannhytte i Namibia under tysk kolonistyre.
San-bustad i Namibia i 2005.

I den gamle sankulturen budde folk saman i laust samansette grupper på rundt 25 til 60 folk som ofte var i slekt. Kvar gruppe var sjølvstyrt og jamstilt, sjølv om eldre menn eller flinke jegerar kunne ha mykje å seia for visse avgjerder. Ulike grupper hadde kontakt gjennom vitjingar og gåveutveksling. Dei kunne ha band gjennom ekteskap og biologiske eller symbolske slektskapsband, og utveksla medlemmer ganske fritt.

Tradisjonelle sanbustader er runde hytter laga av greiner, tetta med kvistar og tekka med gras. Utstyret deira har vore lett og berbart, typisk laga av tre, siv og dyr. Det omfatta jaktvåpen som spyd og giftpiler for menn og gravestokkar og beresekkar til kvinner.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Religionane til !kung- og |gui-folk har begge to overnaturlege makter – ei skapande makt som står for livet på jorda og ei mindre makt som står for sjukdom og død. Dei trur at åndene til avdøde lever vidare, men dyrkar ikkje forfedrane slik mange bantufolk gjer.

Sanfolk og omverda[endre | endre wikiteksten]

Media[endre | endre wikiteksten]

Sanfolk blei vidkjende for omverda gjennom arbeid gjort av den sørafrikanske forfattaren Laurens van der Post. I 1955 var han med på å laga ein populær BBC-serie om folka, og i 1958 gav han ut boka The Lost World of the Kalahari om ekspedisjonen.

Amerikanske John Marshall, som var gift med ei sankvinne, dokumenterte sanfolk i Namibia over ein femtiårsperiorde. Filmen The Hunters (1957) viste ei sjiraffjakt på 1950-talet, medan N!ai, the Story of a !Kung Woman (1980) skildra livet til ei kvinne som voks opp i eit jakt- og sankesamfunn men måtte flytta til eit statsstyrt område. A Kalahari Family (2002) dokumenterte livet til juǀʼhoansiane i Sør-Afrika frå 1951 til 2000.

Komedien The Gods Must Be Crazy (Gudene må være gale, 1980) skildra det absurde møtet mellom «primitive» sanfolk og «sivilisasjonen», først og fremst symbolisert gjennom ei cocacolaflaske, noko sanfolka i filmen aldri hadde sett før, og som førte til uro i samfunnet deira. Filmen er blitt kritisert for å ha gjeve eit gale bilde av sanfolka som eit steinaldersamfunn utan kontakt med omverda, men han gjorde sanfolk kjende for eit større publikum. Hovudrolleinnehavaren Nǃxau spelte også i fleire oppfølgjarar til denne filmen.

Medisinsk kunnskap[endre | endre wikiteksten]

I 1998 tok South African Council for Scientific and Industrial Research patent på dei svoltdøyvande eigenskapane til kaktusen Hoodia gordonii, ein medisinplante sanfolka hadde brukt i generasjonar. Protestar då dei fekk vita om patentet førte til ein avtale i 2003 der sanfolk fekk godtgjersle for bruken av kunna deira.

Bilde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Sanfolk» i Caplex.
  • kalaharipeoples.org (2009), The San Peoples, arkivert frå originalen 20. juni 2010, henta 7. november 2009 
  • Philip's (2008), «San», World Encyclopedia (Oxford Reference Online, Oxford University Press) 
  • «San», Encyclopaedia Britannica (Encyclopædia Britannica Online), 2009 
  • «Bushman, bushman» i Oxford English Dictionary
Fotnotar
  1. Philip's 2008 oppgav 77 000, kalaharipeoples.org 2009 oppgav over 95 000, Encyclopaedia Britannica 2009 oppgav rundt 100 000 «At the turn of the 21st century».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sanfolk